Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2012

Vi fann 56 artiklar i dette arkivet.

Side 1 av 512345

ISPO 2012- der kjentfolk møtes

ISPO 2012- der kjentfolk møtes

Elinor Bolme Tirsdag 31. januar 2012

ISPO 2012 i München er verdas største sportmesse og pågår i år frå 29. januar til 1. februar. Her er over 2000 utstillarar og 60 000 besøkande frå over 100 land samla til ein fagleg maraton  innan  fagområda aktiv, utøvande og tradisjonell sport. Også todalingar finn vegen hit kvart år til same tid for å gjera forretrningar. Kårvatn […]

Les heile saka

Herretrimmen flytta

Herretrimmen flytta

Elinor Bolme Mandag 30. januar 2012

Herretrimmen har sidan forrige veke vorte flytta frå onsdag til måndagar heretter. Dette fordi det har vore litt dårleg med oppmøte. No på kaldaste årstida held dei til i gymsalen på skulen, men når det vårast trekkjer dei ut i ballbingen eller ned til Bordholmen. Her er det fartsfylt ballspel med høg intensitet, av og til […]

Les heile saka

Verdige prisvinnarar

Verdige prisvinnarar

Jon Olav Ørsal Søndag 29. januar 2012

Idrettens festkveld vart ei fin forestilling der Surnadal idrettsråd nytta høvet til å gi mykje velfortjent heider og ære til både idrettsutøvarar, eldsjeler og andre som har lagt ned mykje frivillig arbeid for idretten over lang tid. Konferansierane Siri Marte Hollekim og Roar Strand losa oss gjennom kvelden på ein fin måte og bidrog til at kvelden vart ei høgtidsstund. Høgdepunktet var nok prisutdelingane, og det har vore mange verdige kandidatar til prisane. Ein vanskeleg jobb for juryen når dei skulle ende opp med ein prisvinnar for kvar pris til slutt.

Les heile saka

Ny kunst for utlodning

Ny kunst for utlodning

Elinor Bolme Søndag 29. januar 2012

Todalen Sanitetsforening har også i år investert i eit nytt kunstverk som dei kjem til å selgja lodd på i løpet av 2012. Også denne gongen støttar dei opp om våre «eigne» kunstnanrar her i Todalen. I fjor var kunstnaren Elisabeth Aas, medan det i år er Ingun Redalen White som vart valdt. Bildet heiter «Death by Dior» og er på 50×50 cm.

Les heile saka

Fra Przanysz til Halsen

Fra Przanysz til Halsen

Elinor Bolme Lørdag 28. januar 2012

I høst kom den vesle polske familien Antoni, Anna Maria og Wladek Gielzakowski flyttende hit til Todalen fra byen Przanysz 10 mil utenfor hovedstaden Warszawa. Wladek hadde da ved flere anledninger vært i Todalen på arbeid. Etter at han i 2008 tok med seg kona Anna Maria hit på besøk, ble de enige om at det å kunne bosette seg her måtte være drømmen. Anna Maria hadde da arbeidet over 20 år som sykepleier i hjemlandet, de siste 8 årene i hovedstaden Warszawa. Wladek som møbelsnekker. De har også en sønn til, Szymon på 17. Han bor hos besteforeldrene mens han nå går 2. året på videregående skole hjemme i Polen. Han er jevnlig å besøker sin familie i Todalen og var akkurat reist ned igjen etter en ukes opphold nå nylig.

Les heile saka

Er du blandt dei heldige?

Er du blandt dei heldige?

Elinor Bolme Lørdag 28. januar 2012

Seint i går kveld var todalen.no ute for å gjera stas på sine personlege medlemmer. Styret representert ved Sondre Halset og Mari Brusethaug Redalen hadde ordna med ei lita påskjønning til dei som allereie hadde betalt for sitt personlege medlemskap for todalen.no 2012. Plana deira var å smette ein pakke i den enkelte si postkasse, men dei var blandt anna oppdaga på turen, så nokon fekk den i handa.

Les heile saka

Barn i løypa

Barn i løypa

Elinor Bolme Lørdag 28. januar 2012

Torsdag kveld var det full rulle i lysløypa med barn i løypa igjen. Det var andre gongen det var arrangert denne sesongen og dei som møtte såg til å trivast i dåra. Ver og føreforhold var kanskje ikkje optimale, men det er vi vel i grunnen ikkje så kravstore på ved desse arrangementa.

Les heile saka

Trekkspelkonsert og gode historier i Skulstuå (oppdatert)

Trekkspelkonsert og gode historier i Skulstuå (oppdatert)

Jon Olav Ørsal Lørdag 28. januar 2012

Torsdag 2. februar er det duka for underhalningskveld i Skulstuå (Gammelskulen). Da kjem Odd Arne Halås frå Eide med trekkspel og gode historier. Vi får også høre om todalingar som deltok på Silsetrennet i gamle dagar og Alf Ramsøy vil lese dikt av Leif Halse. i tillegg blir det utlodding og kaffe.   Alle er velkome!    […]


Laurdags-Zumba – noko for deg?

Laurdags-Zumba – noko for deg?

Jon Olav Ørsal Fredag 27. januar 2012

Surnadal Velværesenter inviterer til LAURDAG-ZUMBA i Idrettshallen førstkomande laurdag, den 28. januar kl. 16.00. Alle som vil danse zumba er hjarteleg velkomne! Gratis for medlemar og kr. 100,- for ikkje-medlemar. Du er velkomen på laurdag!


Godt mot, Todalen, svar på søknader

Godt mot, Todalen, svar på søknader

Godt mot, Todalen! Fredag 27. januar 2012

Ut i frå våre mål for prosjektet Godt mot, Todalen og retningslinjer frå Fylkesmannen si landbruksavdeling, er søknadane vurderte. Svar på søknaden er no klar, og vil vera søkarane i hende neste veke.  Vi beklagar at det har teke lang tid frå søknadsfrist til svar. Bygdemobiliseringsprosjektet Godt mot, Todalen har frist til  1.juni 2012, og […]


Oppstart strikkekaffe

Elinor Bolme Torsdag 26. januar 2012

Todalen Sanitetsforening melder om oppstart av strikkekaffe førstkommande laurdag i Sanitetshuset.  Dei held ope til vanleg tid; frå klokka 14 til 17, og håpar mange tek turen innom på litt sosialt samvær og ein kaffekopp. Arrangørane ønsker nye og gamle velkommen innom.


Refusjon etter Dagmar

Refusjon etter Dagmar

Elinor Bolme Torsdag 26. januar 2012

Svorka Energi melder på si nettside at det er fullt mulig å få kompensasjon etter lengre tids strømbrot, slik som blandt anna råka Todalen då Dagmar for forbi i romjula. Dette vil bli godskreve på den ordinære strømrekninga.

Dei skriv: I Standard Nettleieavtale står det at kunden selv må fremme kravet til oss

Les heile saka

Side 1 av 512345