Arkiv for november, 2011

Side 1 av 612345»...Siste »

Vêret i november


Vêret har vore rart i november. Adressa skriv at november 2011 er det varmaste som har vore malt i Trondheim, og november 2010 den kaldaste. Jon Bruset som har drive målingar på Småhjellå i over 20 år, sier at det er like ens her i Todalen. Men varmerekorden for november er på +20,8 grader på Småhjellå, og den vart sett 6. november 2003. Den står fortsatt. I år var den varmaste novemberdagen torsdag den 1. med +17,8. Den 29. november vart det mesta tangering, da temperaturen nådde 16,4 i fønvinden. I slutten av månaden er det tidlegare målt +16,4 i 2006 og 15,1 i 1991.

Mykje Stangvikhistorie mellom permane


Det er ikkje berre todalen Historielag som lagar historiske trykksaker. Stangvik historielag er forlengst på banen med nytt årsskrift for 2011. Heftet har 82 sider, med tilsaman 24 artilar og innslag, – alle med tema frå gamle Stang sokn. Det er stor spredning i stoffet, og litt for ein kvar smak. Det er eit par artiklar som omtalar næringslivet i Stangvik kommune, og vidare er det ein omtale av “den Trondhjemske postvei”, om skulen på Nordvik, gamle sommarfjøs, konfirmantane i 1961, om gravemaskinene til Grytskog-karane, fløyting i Søyåa og mykje meir.

Fotterapi


Fredag i denne veka og måndag og tysdag i neste er det fotterapi i Sanitetshuset igjen. Det er fotterapaut Olaug Bergheim Aspill som kjem denne gongen og, melder Todalen Sanitetsforening. Marit Sanden Søyset er den som held styr på timane, og ho kan fortelja at både fredag og måndag er fulle, men tirsdagen mellom 10.30 og 16.00 er det nokre ledige timar.

Juletorg på låven i arboretet


Laurdag 3.desember kl. 13 -16 blir det jultorg i arboretet igjen! På låven vil du finne mange gode og grøne idear til å lage sjøl, handle, sjå og smake på. I Svinviks arboret kafé blir det stemningsfull adventsstund under stjerna.

Interessant historiedag med bokslepp


Todalen historielag hadde søndag sitt tradisjonelle bokslepp, der dei presenterte det nye årsskriftet for 2011 og hadde spedd på med kunstutstilling og visning av gamle smalfilmopptak etter Berta og Magnor Haltbakk. Et 60-tals interesserte trossa snøslapsen og kom til ungdomshuset for å sjå og høyre, og for kjøpe det nye årsskriftet.

LysVåken


LysVåken- eit nasjonalt prosjekt i Den Norske Kyrkja. I Todalen Kyrkje vart det attpåtil eit historisk prosjekt, då det for aller første gong vart overnatta i kyrkja. Dette var eit arrangement i regi av Todalen Sokneråd i tråd med ein landsomfattande aksjon der det er fokus på å innvolvere og bli kjent med kyrkja si. Todalen sokneråd innviterte dermed alle frå 5. til 7. klasse til å overnatte i kyrkja natt til 1. søndag i advent. Rundt halvparten av ungane stilte på arrangementet, og dei som gjorde det fekk oppleva ein litt anna laurdagskveld.

Den første snøen….


I løpet av natta har vi skifta ham frå haust til vinter! Den første snøen er komen, og brøytaren har kjørt sin første tur rundt bygda. Nysnøen er blaut og glatt, så det er all grunn til å åtvare deg som skal ut med bilen om å køyre forsiktig. Dersom vi skal sammenlikne med fjoråret, så er vi informert om at første brøyteturen var allereie 25. oktober.

Førstehjelpskurs – Bli med i Røde Kors?


Førstehjepskurs for nye og gamle medlemmer lørdag 3. – søndag 4. desember i Røde Kors-huset på Bøvra Hjelpekorpset i Surnadal Røde Kors arrangerer kurs med avsluttende prøver i teortisk og praktisk førstehjelp. Dette kurset er pålagt for dei som ønsker å vera “operative” i Hjelpekorpset, det er også bra om dei som ønsker å vera med i “omsorgsgruppa” har det.

Oppdatering av lag og organisasjonar


På Trollheimsporten held dei på og oppdater lista over lag og organissasjonar, og i ein e-post til Todalen.no skriv Norunn Holten: “På Trollheimsporten held vi på å oppdatere lista over lag og organisasjonar i kommunen. Det er veldig viktig at alle organisasjonar står oppførte her med oppdaterte og korrekte opplysningar. Denne lista blir nemleg også bruka av Surnadal kommune når dei skal orientere organisasjonane om noko eller sende saker ut på høyring. Dersom laget ditt ikkje er med, eller det står oppført feil kontaktperson, kan du risikere å ikkje bli med når viktige avgjerder skal takast.

Ingen skader etter “Berit” i Todalen


Ein rask fotorunde i “flomålet” bekreftar at det ikkje har vore nevneverdige skadar etter stormfloa rundt midnatt.  Ein kan mange plassar sjå kor høg vannstanden har vore på flostrengen som ligg att. Bilda er tekne mellom 10 og 11 laurdag føremiddag, og flostrengen viser at vannstanden har vore omlag ein halv meter høgare i løpet [...]

Sandstad Terrasse


På Sandstad foregår det ei total renovering av huset. Inne har det vorte 3 familieleiligheter som er på det neraste ferdig. Den siste tida har arbeidet foregått utvendig, der det er lagt ny Royal-kledning på ytterveggen og sett inn nye glas. På framsida mot Utigardsøyann bygges det no ny terasse. Fredag var byggherre Gudmund Kvendset og Odd Magne Haugen frå Byggefirma Olav Haugen i innspurten for å få terrassen ferdig før stormen “Berit” sette inn.

Stormflo – verre til natta?


Fredag formiddag var det var det tendens til stormflo. Rundt 11-tida var floa på topp, og da var den godt over normal, men til natta er det meldt om stormflo med vannstand inntil 110 cm over normalen. Todalen.no tok en fotorunde i formiddag, ca 1 time etter at floa var på topp. ‘

Medlemmar

Kombi Regnskap
Todalshytta
Nordvik Grendalag
Skogkompaniet
Todalen Elveeigarlag
Surnadal Sparebank
Todalen Bondelag
Gjensidige Surnadal
Skulstuå i Todalen
Stangvikfestivalen
ICA Todalen
Norsk Laksefestival
Surnadal Kulturhus
Kårvatn Fjellutstyr
Viastua Gardsprodukt
Surnadal Regnskap AS
Svorka
IL S�ya
Todalen Sanitetsforening
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Indre Nordm�re Forsvarsforening
Todalen Idrettslag
Sparebank1 Midt-Norge
Talgø Møbelfabrikk AS
Eldremiddagen
AMFI Kreativ
Todalen Historielag
Todalen Sokneråd
AMFI Surnadal
Norgeshus Byggefirma Olav Haugen AS
Surnadal Kommune
Start 4H
Todalen Småbåtforening
Driva
Trollheimsporten
Stangvik Historielag
Surnadal Pensjonistlag
Studio Saksen
Rossåa Settefiskanlegg
Søya og Todalen Skytterlag
Todalen Brygge

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Tor 23. mai: Søppeldag
    • Tor 23. mai: Markering av Verdens aktivitetslag
    • Tor 23. mai: Lagseriestemne
    • Tor 23. mai: Befaring
    • Lør 25. mai: Open dag INF
    • Lør 25. mai: Open pub
    • Søn 26. mai: Hestens dag
    • Søn 26. mai: Sykkeltrim
    • Man 27. mai: Knøttetrening
    • Ons 29. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør