Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2011

Vi fann 54 artiklar i dette arkivet.


Snø til glede

Snø til glede

Elinor Bolme Måndag 21. februar 2011

Frå skulen har vi fått ein epost med bilder av forrige vekes aktiviteter i snøen. Britt skriv: Elevane på skulen var veldig glad for den nye snøen som kom for litt
sidan. Den var kram, og egna seg godt til å bygge både snøborg og andre
snøfigurar. Da dei starta opp var det meininga å få til ein iglo.
Innsatsen var stor og snøen vart bore i bøtter og spann. Men det var
vanskeleg å få til rette svingen på taket. Så det vart valgt ei opa
takløysing, og difor likna resultatet meir på ei snøborg.
Både snømenn og ulike dyr dukka etter kvart opp på skuleplassen.

Les heile saka

Permitteringer ved Talgø

Permitteringer ved Talgø

Elinor Bolme Måndag 21. februar 2011

5 mann ved Talgø møbelfabrikk har i desse dagar fått permitteringsvarsel. I følge Trollheimsporten trer dei i kraft frå 9. mars og med ein månads varigheit i første omgang.

Les heile saka

NM i Telemark

NM i Telemark

Elinor Bolme Sundag 20. februar 2011

I helga har det vore arrangert NM i Telemark i Molde. Frå Todalen var det denne gongen to representantar; Ola Talgø og Emil Haugen Ansnes. NM starta med storslalom fredag kveld, der Ola kom på 24. plass og Emil kom på 25. plass.

Les heile saka

Gjorde seg kjent med kyrkja

Gjorde seg kjent med kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 20. februar 2011

I helga har det våre tårnagentghelg for dei yngste. Det starta med skattejakt på laurdag og fortsette med familiegudsteneste på søndag. Det var dei yngste klassane på skulen som var invitert denne gongen, og det var knytta stor spenning til skattejakta som gikk ut på å leita fram ting som var merka rundt om i heile kyrkja. Skattejegrane skulle finne ein ting som dei skulle namngi, og ut i fra heile fangsten skulle dei få til eit løysingaord, som denne gongen vart kyrkjeagent.

Les heile saka

Ut på tur i finværet

Ut på tur i finværet

Jon Olav Ørsal Sundag 20. februar 2011

Det er no fint føre i fjellet, og vêrmeldinga til søndag er sol og 3-4 kuldegrader med nesten stille. Finn du ein fin rabb i sola så kan du kose deg i sola. I liene er det fin puddersnø, medan det har vore litt fokk når du kjem oppå fjellet. Det var ingen stor utfart laurdag, men søndag er meldingane betre. Frå Innerdalsmerket er det kjørt opp fint spor til Tristeinan. Finn fram skiene og ta ein tur!

Les heile saka

Start 4H best i fylket

Start 4H best i fylket

Elinor Bolme Fredag 18. februar 2011

Leiaren i Start 4H, Marte Talgø fekk i dag ein uventa epost frå 4H Norge. Start 4H hadde vorte vinnar av vervekampanjen i 2010. Start hadde i fjor heile 12 nyinnmeldte medlemar. Altså best i heile Møre og Romsdal. Talet vart såpass høgt sidan klubben rakk å registrere flesteparten av dei nye aspirantane før 15. desember. Landsvinnaren vart Frosta 4H frå Nord Trøndelag.

Les heile saka

Surnadalsrussen klar med revy!

Surnadalsrussen klar med revy!

Jon Olav Ørsal Fredag 18. februar 2011

«Surnadalsrussen står i brann» er namnet på årets russerevy som har premiere i Storstua på kulturhuset onsdag 23. februar. Brann blir eit slags gjennomgangstema i årets revy, og revygjengen lovar mykje god underhaldning gjennom framsyninga. Det et sett opp 4 framsyningar for revyen, som går frå onsdag 23. til laurdag 26. februar. I skrivande stund er det billettar […]


Endeleg blogg

Endeleg blogg

Elinor Bolme Fredag 18. februar 2011

Det er ikkje alltid det går som ein har sett seg mål. Men det ordnar seg som oftast lell. Difor er vi glade for å kunna fortsetta med bloggen vår i 2011 og. Denne gongen skal vi ikkje så langt heimafrå, sett frå Todalen, nemleg til Kristiansund og Linda Tørset. Vel bekomme!

Les heile saka

Medlemsmøte i staden for fritidsklubb

Medlemsmøte i staden for fritidsklubb

Elinor Bolme Torsdag 17. februar 2011

Start 4H melder om at Fritidsklubben som arrangerast førstkommande onsdag utgår. Dette fordi dei arrangerer medlemsmøte på skulen i staden. Her vil dei ulike prosjekta delast inn i arbeidsgrupper for dei med like prosjekt. Styret i klubben håpar på god deltaking av både ungar og foreldre.

Les heile saka

Forvirring

Forvirring

Elinor Bolme Torsdag 17. februar 2011

Arrangørane av det asiatiske matkurset melder om litt forvirring i anledning av arrangement. Kurskveldane er både 24. og 25. februar. Og karar har også høve til å melde seg på desse kveldane.

Les heile saka

Gudsteneste med tårnagentar

Gudsteneste med tårnagentar

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. februar 2011

Søndag 20. februar kl 11.00 er det familiegudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Barn deltek i gudstenesta som tårnagentar. Offer til Nordmøre Søndagsskulekrets. Her finn du plakaten.


Jervfall på Kårvatn

Jervfall på Kårvatn

Elinor Bolme Tysdag 15. februar 2011

I morgontimane i dag har det vorte skote ein hannjerv på 13,3 kilo på Kårvatn. Todalen.no har desverre ingen bilder av jerven, da den allereie er vorte frakta til Surnadal slik at Statens Naturoppsyn får besiktige den.

Les heile saka