Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
NM i Telemark

NM i Telemark

Elinor Bolme Sundag 20. februar 2011

I helga har det vore arrangert NM i Telemark i Molde. Frå Todalen var det denne gongen to representantar; Ola Talgø og Emil Haugen Ansnes. NM starta med storslalom fredag kveld, der Ola kom på 24. plass og Emil kom på 25. plass.

Laurdag var det sprint, der berre Ola passerte målstreken etter 2.omgang. Emil havna som snarast på sjukehus på grunn av ei utforkjøyring. Heldigvis gjekk det godt og stilte til start søndag, der han enda på 19. plass, og Ola på 20. plass. Kan forøvrig nemne at Linnea Bævre vart nummer to på sprinten laurdag og NM vinnar i det klassiske rennet på søndag. Hanne Heggset vann sin klasse både laurdag og søndag, og kan tittulera seg som vinnar av hovedlandsrenn (aldersbestemt).

Her finn du noko info etter helgas renn. Resultatlistene er felles for både junior og senior, så kan difor vere litt missvisande. TidensKrav har og skrive om helgas arrangement.

Publisert: 20. februar 2011, 21:00