Arkiv for januar, 2011

Side 1 av 512345»

Sonerenn i Betna – søndag 6.2.


Skigruppa minner om sonerenn og kretsrenn i Betna komande søndag. Det er Betna Idrettslag som er arrangør, og rennet går føre seg på Øyan stadion i Betna, og det er start kl 12.00. Det sonerenn for jenter og gutar 5-8 år, og kretsrenn i klassisk langrenn for alle klassar frå 9 år og opp til senior. For sonerennet er [...]

Bankslettå er grøn!


I.L. Søya melder at “Bankslettå” er rydda og klar for treningsbruk. Den første uoffisielle vintertreninga var søndag den 30. januar, og laget reknar med at mildværet som er meldt vil gje fine treningsforhold.

Misjonsfest med jubileum


Søndag kveld innleia Todalen sokneråd 150-årsjubileet til Todalen kyrkje med misjonskveld i kyrkja. Dei diska opp med eit variert program, som vart avslutta med kyrkjekaffe til heile festlyden. Ledar i soknerådet, Ildri Øyen ønska velkomen og introduserte opplegget for kvelden, og las frå prologen som Leif Halse skreiv til 100-årsjubileet i 1961. Bernt Bøe tok eit raskt tilbakeblikk på historia til kyrkja, som vart bygd i 1861 og innvigd 11. september i første omgang som anneks. I 1876 vart ho utvida og Todalen vart eige sokn. I 1890 vart ho vigsla på nytt, slik som ho står i dag.

Årets første strikkekafé


Sidan vêret i dag har vist seg frå sin vrede side, tok vi oss ein tur til Sanitetshuset kor eit titalls damer samla til årets første strikkekafé. Strikkekaféen arrangeres normalt ein laurdag kvar månad med sosialt samvær, kaffe og handarbeid.

Eldremiddagen takkar


Eldremiddagen har i over tjue år drive med middagsservering i Sanitetshuset. Utanom ferietida (sommar-, jul-, og påskeferien) samlast mange av dei eldre til middag og sosialt lag kvar onsdag. Kokkearbeidet går på omgang og det serveres allsidig og god mat, for ein billeg penge, fortel Martinus Torvik som er sekretær/kasserar i Eldremiddagen. For å få rekneskapen til å ga i hop har dei skaffa seg “sponsorar”, der Surnadal kommune, Surnadal Sparebank, Gjensidige Surnadal og Statkraft v/Rossåa Settefiskanlegg har vore med og støtta prosjektet det siste året.

Nye køller for herretrim


Todalen IL har kjøpt inn nye innebandykøller, som blir bruka på herretrim som arrangeres kvar onsdag kveld. Dei nye køllene er i motsetning til dei eldre køllene lengre og har innsving som gjer at det er enklare både å kontrollere ballen og gjera elegante skudd.

Kunst til utlodning


Todalen Sanitetsforening har gått til anskaffelse av eit stort kunstverk av Elisabeth Marie Aas som dei skal lodde ut. Biletet blir hengande i Sanitetshuset fram til førjulstreffet som brukar å bli arrangert først på desember. Attmed biletet ligg det ei bok og eit pengeskrin, der ALLE som ferdast av ein eller annan grunn i Sanitetshuset, kan ta lodd.

Sonerenn og Barn i løypa – Avlyst!


Regnværet dei siste dagane har gjort det naudsynt å avlyse både sonerennet søndag 30. januar og Barn i løypa torsdag kveld, fortel ledar i T.I.L.s skigruppe Frode Grønmyr. Dei store nedbørsmengdane har gjort at føret er øydelagt og det er både store dammar og opne bekkar og elvar i løypetraseen rundt Todalen oppvekstsenter. Langtidsvarslet melder [...]

Vått!


På Kårvatn er det fortsatt vanskelegheiter med vatnet. Dele av ei bru gjekk der i helga då det var flaumtilstandar der. Vatnet har fortsatt ikkje gått ned til normalen, noko som gjer at postentil dømes ikkje har vore der denne veka.

Kyrkja jubilerer


For Todalen kyrkje blir 2011 eit år med stor aktivitet. Kyrkja blir nemleg 150 år, og startar jubileumsaktivitetane med misjonsfest søndag kveld 30. januar, der misjon og sokneråd er arrangør. Her vil det bli tale og musikk av Bjørn Hovde, samt at vi får eit historisk tilbakeblikk på kyrkje og misjon i Todalen. Elles vil det bli både song og trekkspel, der Karen Oddny og Sigfred Gravvold opptrer saman med Oddmund Solem. Og sjølvsagt blir det servering. Sjå plakaten her

Februarprogrammet er klart


Surnadal kulturhus har no februarprogrammet klart, og der er det litt tå kvart å velge i. I storstua er det både Bygdakveld, Kin rock, teater og ikkje minst russerevy i velje i. Russerevyen har 4 oppsettingar fra onsdag 23. – laurdag 26. februar. Om bygdakvelden 2. februar står det i programmet:

Skulebuss med motorstopp


Skulebussen fekk motorstopp ved Sisiå i dag ettermiddag, og det var ikkje muleg å få start igjen. Bussen stod midt på vegen, og det var ikkje muleg å kome forbi med bil. Det danna seg fort kø på begge sider, og snart var det eit titals biler og vogntog som venta på å kome forbi. Anders [...]

Medlemmar

Svorka
Norgeshus Byggefirma Olav Haugen AS
Todalen Historielag
Viastua Gardsprodukt
IL S�ya
ICA Todalen
Todalen Brygge
Todalen Sokneråd
Start 4H
Surnadal Regnskap AS
Stangvikfestivalen
Todalen Bondelag
Rossåa Settefiskanlegg
Surnadal Kommune
Indre Nordm�re Forsvarsforening
Todalen Idrettslag
Todalen Sanitetsforening
Kombi Regnskap
AMFI Surnadal
Eldremiddagen
Skogkompaniet
Sparebank1 Midt-Norge
Driva
Studio Saksen
Stangvik Historielag
Todalen Småbåtforening
Talgø Møbelfabrikk AS
Gjensidige Surnadal
Norsk Laksefestival
Surnadal Pensjonistlag
Surnadal Kulturhus
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Søya og Todalen Skytterlag
Skulstuå i Todalen
Kårvatn Fjellutstyr
Trollheimsporten
Nordvik Grendalag
Todalen Elveeigarlag
Surnadal Sparebank
AMFI Kreativ
Todalshytta

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Lør 18. mai: Arboretet er pinseope
    • Man 20. mai: Sykkeltrim
    • Tor 23. mai: Søppeldag
    • Tor 23. mai: Markering av Verdens aktivitetslag
    • Tor 23. mai: Befaring
    • Lør 25. mai: Open dag INF
    • Lør 25. mai: Open pub
    • Søn 26. mai: Hestens dag
    • Søn 26. mai: Sykkeltrim
    • Ons 29. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør