Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Februarprogrammet er klart

Februarprogrammet er klart

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. januar 2011

Surnadal kulturhus har no februarprogrammet klart, og der er det litt tå kvart å velge i. I storstua er det både Bygdakveld, Kin rock, teater og ikkje minst russerevy i velje i. Russerevyen har 4 oppsettingar fra onsdag 23. – laurdag 26. februar. Årets russerevy har fått namnet «Surnadalsrussen står i brann» og billettsalget er alt i gang. 

Om bygdakvelden 2. februar står det i programmet: «Denne laurdagskvelden blir det underhaldning med lokale krefter frå tri kommunar. Vi har invitert med våre gode naboer Halsa og Rindal. Her blir det mykje vakker song og musikk,men også ei stor dose gapskratt. Vi skal ikkje ramse opp alt og alle her, men på to akter meiner vi det blir noko for ein kvar smak.»

Her kan du laste ned foldaren for februar og her kan du bestille billettar!

Først publisert: 25. januar 2011, 06:30 - Sist oppdatert: 24. januar 2011, 20:54