Arkiv for desember, 2010

Side 1 av 612345»...Siste »

Godt nyttår!!


Da er vi i utgangen av 2010, og redaksjonen i todalen.no ønsker alle våre tilhengere alt godt for det nye året. Tenkte vi skulle avslutte med noen skrevne ord i anledningen dagen som oftest settes av til både ettertanker og fremtidstanker. Og da ble det HMK Harald V som trakk det lengste strået med sin nyttårstale nå i kveld.

Grisver og glatt


Veret har snudd, og det regnar og sluddar vekselsvis. Dette fører no til glatte vegar og fare for uhell. Det fekk Gunvor Fuglevåg erfare då ho var i sluttfasen på postutleveringa i dag. Då er det kjekt å få hjelp av lokale karar som rykkjer ut i slike høve. Håvard var også i dag på [...]

No kjem mildværet


Dersom værmeldinga stemmer vil vi oppleve at temperaturen stig over nullen for første gong på lenge. I løpet av kvelden slår det om og etter kvart meldes det om snø og seinare sludd og regn. Ein kan etter kvart rekne med at det blir litt dårlegare føre og glattare dei neste dagane, og sludd og [...]

Rådyr påkjørt


Ragnar Halle er ledar i viltnemnda i Surnadal kommune. I kveldinga 2. juledag fekk han telefon frå politiet om at det var meldt om eit rådyr som var påkjørt på Ansnesvegen i Todalen. Det var ein trafikkant som hadde observert rådyret i veggrøfta, og ved nærare ettersyn viste det seg at det hadde vore påkjøyrt og [...]

Full trøkk på “Fær hæll i mot”


Julekabareten “Fær hæll i mot” fylte Todalen ungdomshus til siste plass, da Todalen Idrettslag arrangerte årets julekabaret 3. juledag. To framsyningar måtte til for å skaffe plass til alle som ville få med seg julekabareten, der kveldsframsyninga nok må seiast å vera mest populær. Men tilsaman var kabareten vist til nærare 250 publikumarar denne gongen. Dei som deltok på kveldsframsyninga fekk også sjangsen til ei kulinarisk oppleving og fekk seg ein svingom på kjøpet.

Kald romjulsmarsj


Nærare hundre store og små todalingar trossa vinterkulda og tok runden rundt bygda 3. juledag. Godt påkledd og med trimgruppas gløggstasjonar som mål, la folk ut på vandring og tok kulda med godt humør. Trimgruppa i Todalen Idrettslag var arrangør, og det var nok mange som tykte det var godt å komme ut og få rørt seg litt etter fleire dagar med mykje god julemat. Turen rundt bygda var reint så sosial, og ein trefte mange kjente på runden, for det var både ”innfødde” og utflytta todalingar og andre i følgjet.

Premierenervar i Ungdomshuset


Kvelden før kvelden var det hektisk øving til julekabareten “Færr hell i mot”. Så langt er det meste av billettane til hovudframsyninga selt, medan det er ein del billettar att til framsyninga som startar kl 15. Uhenta billettar har gjort at det har vorte nokre billettar ledige til siste framsyninga kl 20, så her gjeld det å hive seg rundt og ta turen til ICA Todalen. Programsjef Svein Åge Saksen fortel at underhaldningsgjengen er i rute og har fått det meste på plass no og reknar med full trykk på premieren kl 15.

Ver varsame


For den som ferdast utanfor bygda, gjer vi oppmerksom på at det i Svinviktunnelen er kome til ein fartsdump. Det er vatn som har kome ovanfrå tunneltaket og ned i vegbanen som har danna ein issvull no i kaldperioden. Issvullen har dei siste dagane vokse, og er no godt og vel ein meter i diameter, [...]

Kaldværet fortsett nokre dagar


Natt til førte juledag vart det “årsverste” med med minimumstemperatur på nærare 20 kuldegrader. Jon Bruset fortel at det er lågaste temperaturen han har registrer på desember sidan han starta målingane for 20 år sidan. I løpet av dagen har det skya over litt, og temperaturen er i skrivande stund komen på 12-talet. Men det kalde [...]

Jula innleia av julegudsteneste


Høgtida er no i gang, og ei fullsatt kyrkje innleia for alvor jula i Todalen. Vi i Todalen.no ynskjer alle i triveleg og fin jul, og håpar att dykk og kikkar innom sida i løpet av jula.

Julehelsing fra Santa Rosa


Frå Birgitte Kvendset med familie i Santa Rosa, California, har vi fått julekort med julehelsing til alle Todalingar og andre kjente. Vi helsar attende, og håpar at jula ikkje er så kald i Santa Rosa som i Todalen. Klikk deg vidare så får du sjå heile julekortet.

Ny kulturkalender


Surnadal kulturhus melder at kulturkalenderen for januar 2011 er klar. I Storstuå er det konsert med TrondheimSolistene den 19., men hovudattraksjonen er no UKM- Ungdommens kulturmønstring den 29. januar. Elles er den mykje omtalte filmen “Kongen av Bastøy” sett opp med 6 visninger frå 14. – 26. januar. Til slutt kan nemnast “Vinjes Ferdaminne” og Fotoutstilling [...]

Medlemmar

Surnadal Regnskap AS
Start 4H
AMFI Kreativ
Skogkompaniet
Viastua Gardsprodukt
Todalen Sanitetsforening
Indre Nordm�re Forsvarsforening
Todalen Sokneråd
Todalen Elveeigarlag
Todalen Historielag
Surnadal Sparebank
Skulstuå i Todalen
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Todalshytta
Todalen Småbåtforening
Surnadal Kommune
Stangvikfestivalen
Talgø Møbelfabrikk AS
Sparebank1 Midt-Norge
Driva
Kårvatn Fjellutstyr
Norsk Laksefestival
IL S�ya
Rossåa Settefiskanlegg
AMFI Surnadal
Kombi Regnskap
Surnadal Pensjonistlag
Surnadal Kulturhus
Nordvik Grendalag
Studio Saksen
Svorka
Trollheimsporten
Todalen Bondelag
ICA Todalen
Gjensidige Surnadal
Stangvik Historielag
Todalen Idrettslag
Todalen Brygge
Søya og Todalen Skytterlag
Norgeshus Byggefirma Olav Haugen AS
Eldremiddagen

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Tor 23. mai: Søppeldag
    • Tor 23. mai: Markering av Verdens aktivitetslag
    • Tor 23. mai: Lagseriestemne
    • Tor 23. mai: Befaring
    • Lør 25. mai: Open dag INF
    • Lør 25. mai: Open pub
    • Søn 26. mai: Hestens dag
    • Søn 26. mai: Sykkeltrim
    • Man 27. mai: Knøttetrening
    • Ons 29. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør