Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2010

Vi fann 54 artiklar i dette arkivet.

Side 5 av 512345

Todalsinnslag  på  Dagsrevyen

Todalsinnslag på Dagsrevyen

Elinor Bolme Onsdag 3. november 2010

I morgon kveld vil det bli eit innslag frå Todalen på Nrk1. Det er i forbindelse med at Nrk sett søkelyset på Telenor sine rettigheiter på breidbandsfrekvensane rundt om i landet. Telenor sitt på rimeleg stor makt i denne samanhengen, då dei gjer det vanskelg for andre utbyggarar, som til dømes Svorka å bygge ut for å få betre nett-tilgang. Noko som blir viktigarare og viktigare for å halde tritt i tida, då særleg for seriøse bedrifter i utkantane.

Les heile saka

Endra  kyrkjeprogram  i  desember

Endra kyrkjeprogram i desember

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. november 2010

Todalen sokneråd melder om to endring i programmet for desember: Lysmessa er flytta frå 12. deseber til 5. desember kl 16.00. Den andre endringa gjeld julekonserten som er flytta frå 19. desember til 12. desember kl 15.00


«Aktiv  bank»  med  Kårvatn  Fjellutstyr

«Aktiv bank» med Kårvatn Fjellutstyr

Elinor Bolme Onsdag 3. november 2010

Surnadal Sparebank er i vinden for tida med si satsing «Aktiv bank». I morgon kveld får dei besøk av Eldar Rønning som kjem for å halda eit foredrag om trening og trivsel. I tillegg vil Kårvatn Fjellutstyr og Intersport Surnadal bidra med en storstilt mannekengoppvisning med vinterens moter.

Les heile saka

Fotoglimt  frå  helikopteret

Fotoglimt frå helikopteret

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. november 2010

Laurdag var det nok mange som spekulerte på kva som foregikk, da det var stor helikopteraktivitet i Todalen. Todalen.no laga sak på dette, og bekrefta at det var Svorka Energi som dreiv linjeinspeksjon med helikopter. Fotografen ombord var Arild Solberg frå Sykkylven, og han har sendt oss nokre bilete frå helikopterturen rundt i Todalen. Fotolyset var nok ikkje det beste laurdag formiddag, men Solberg fortel at formålet var å fotografere mastene slik at Svorka kan sjekke om det er naudsynt med tiltak.

Les heile saka

Herretrimmen starter opp

Ole Petter Talgø Tysdag 2. november 2010

Onsdag er det klart for første herretrim for denne sesongen. Da er det bare å møte opp i skolen klokken 20.00. Den fortsetter utover så lenge det er interesse og tilstrekkelig oppmøte.


Start  4H  med  fest  og  utstilling

Start 4H med fest og utstilling

Jon Olav Ørsal Måndag 1. november 2010

Søndag kveld var tida komen for å runde av årets 4H-sesong med haustfest og utstilling i Todalen oppvekstsenter. Det har nok vore arbeidd hardt den siste tida for å få alt ferdig. Men dei må ha arbeidd godt, for Torill Sannes frå Møre og Romsdal 4H var raus til å gi ros. Ho tykte det val veldig fine utstillingar, og spesielt var ho imponert over at heile 10 av dei fullførte prosjekta var gjort av aspirantar.

Les heile saka

Side 5 av 512345