Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2010

Vi fann 54 artiklar i dette arkivet.


.. og 3. juledag blir det julekabaret!

.. og 3. juledag blir det julekabaret!

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. november 2010

Arbeidet med å få til julekabaret har gått føre seg ei stund i kulissene, men no er julekabaret ein realitet, seier Svein Åge Saksen, som har fått fornya tillit som programsjef. Måndag kveld var den «harde kjerne» i programkomiteen samla for å gjere opp status og evaluere fjorårets julekabaret «Hoinner og æn ut!». Det er mange ivrige krefter som samlast om å få til ein god julekabaret, og vi vil ganske snart kome i gang med førebuinga for fullt, seier Saksen.

Les heile saka

Kald start på november

Kald start på november

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. november 2010

Fra vår «værstatistiker» i Brusetmarka har vi fått e-post med diverse statistikktall. Jon Bruset har drevet med noteringer av maksimum og minimumsterperaturer dei siste 20 åra, og han skriv:
«Det ser ut til å bli ei kald novemberuke. Statistisk er november en svært variabel måned.Noen tall fra de siste 20 år:
• Kaldest 29.nov. 1996 : -15,8
• Varmest 6.nov. 2003: +20,8
• I 2002 var det frost i løpet av alle døgn.
• I 2000 var det 21 dager med +10 eller meir ! (desidert varmeste november)
• I 1996 var det 7 dager med under -10 eller kaldere.
Kan også nevne at i november 2009 var det varmt, med 14 dager med over + 10 eller meir!»

Les heile saka

Breibandtilgang i fokus

Breibandtilgang i fokus

Ole Petter Talgø Måndag 8. november 2010

Gudmund Kårvatn var i kveld på Dagsrevyen på NRK og fortalte om problema med å få tilgang til breiband til Kårvatn. Saka er og toppsak i skrivande stund på NRK.no.

Les heile saka

Sesongavslutning for G12

Sesongavslutning for G12

Elinor Bolme Sundag 7. november 2010

Frå Steinar Gjeldnes har vi motteke ei lita oppdatering på helgas begivenheiter for G12 laget Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen.

Han skriv:»G-12 avslutta fotballsesongen i helga med overnattingstur til Trondheim og Malvik-cup.

Les heile saka

Talgø deltek på messe

Talgø deltek på messe

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. november 2010

Talgø deltek i helga på Byggmakkermessa på Eidsvoll, eller nærare bestemt på Dal. For første gong er Talgøbedriftene Møretre, T-Komponent og Talgø Møbelfabrikk presentert under eit felles varemerke; Talgø. Her viser dei sine produkt på ein splitter ny og flott messestand, og denne gongen er hovudvekta lagt på MøreRoyal-produkta, fortel marketingsjef Heid Snekvik.

Les heile saka

Nytt trenerteam for G-16

Nytt trenerteam for G-16

Knut Haugen Laurdag 6. november 2010

Forberedelsene for neste års fotballsesong er for lengst i full gang. Da Tor Helge Aas etter mange års kjempestor trenerinnsats ønsket å gi seg / ta en pause, måtte neste års G16-lag se seg om etter ny(e) trener(e). Men nå har fotballgruppa heldigivis fått nytt trenerteam på plass, bestående av Terje Haugen (bildet ovenfor), Vegard Moen og Bjørnar Aasbø. Dette er en løsning som både fotballstyret og spillerstallen er meget godt tilfreds med.

Les heile saka

Vellukka moteoppvisning

Vellukka moteoppvisning

Elinor Bolme Laurdag 6. november 2010

Torsdag kveld var Kårvatn Fjellutstyr innvitert saman med Intersport Surnadal til å vise fram vinterens motar hos Surnadal Sparebank. Banken hadde i tillegg fått storfint besøk av langrennsløparen Elldar Rønning som held eit foredrag om trening og trivsel.

Les heile saka

I kveld: «Rundt neste sving:Todalen» på NRK2

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. november 2010

På NRK2 er det i kveld reprise på programmet «Rundt neste sving: Todalen» i kveld. Programmet startar kl 18.55, og varer i ca 30 minutt. Programmet vart første gong vist i 2002, og på turen “rundt neste sving” kjem vi innom Svinviks Arboret, Kårvatn, Todalshytta, og får gjensyn med Vangsgutane, Finn Talgø og Tone Søyset Døving.


Skog-kompaniet kåra til Årets Gazelle

Skog-kompaniet kåra til Årets Gazelle

Jon Olav Ørsal Fredag 5. november 2010

Stor stas for Skog-kompaniet som i dag vart kåra til Årets Gasellebedrift, fortel dagleg ledar Kristen Bruset om er glad for at bedrifta vart fylkesvinnar i år. Gasellebedriften får prisen for å tore å ta sjansar, og må sjølvsagt ha ein god og sunn økonomi. Prisen er ein diplom og ein bronsefigur av ein gaselle. I tillegg vert det sjølvsagt mykje merksemd, heider og ære.

Les heile saka

Julepakkepakking

Julepakkepakking

Elinor Bolme Torsdag 4. november 2010

Onsdag kveld var det ein liten dugnad på julepakkepakking i Sanitetshuset. Todalen Sanitetsforening vil i år sende 4 store sekkar med julepakkar til Estland når Estlandsforeninga reiser nedover på sin årlege førjulstur. Saniteten har som kjendt no i fleire år samla inn kleder og anna høveleg utstyr til denne foreninga med lokal forankring i Rindal.

Les heile saka

Ny kulturkalender

Ny kulturkalender

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. november 2010

For nokre dagar sia kom det ny kulturkalender frå surnadal kulturhus. Mellom anna har dei revyen «18 centi» på menyen, og mykje anna bra. Her kan du laste ned kulturkalenderen for november.


Besøk også hos Saniteten

Besøk også hos Saniteten

Elinor Bolme Onsdag 3. november 2010

I går kveld var det Todalen Sanitetsforening sin tur til å få besøk av ambulansepersonell og brannvesen i anledning innkjøpet av hjartestartaren som er innkjøpt til Todalen. Arnt Ivar Brøndbo og Ingeborg Myrvang tok ein gjennomgang av korleis utstyret funger. Dette var ikkje eit kurs i opplæring og bruk av hjartestartaren, men ei orientering av korleis utstyret fungerer.

Les heile saka