Arkiv for november, 2010
Kristine stiller ut hos Elisabeths Atelier i Trondheim.
Kunstnaren Elisabet Aas som innehar Elisabeths Atelier i Trondheim ferier i denne tida 10-års jubileum med juleutstillinga “Hjerterom”. Juleutstillinga rommar så mangt, til og med eit bidrag frå Todalen. Kristine Saksen Ulvund har vorte antatt hos Elisabeth Atelier med heile fem bileter. Todalen.no har fått oversendt bileter frå opninga av utstillinga sist laurdag, der vi får eit innblikk i alt det fine som er å oppleva der. Her er både dansk keramikk, måleri og forskjellig glasskunst.
Kulturkalender i post og på nett
Dei aller fleste husstandar fekk kanskje kulturkalenderen for desember i posten i dag. Men todalen.no brukar å få ein henvendelse frå Karstein Telstad på Kulturhuset om vi ikkje vil vera så snille å leggja han ut på nettstaden vår og. Det gjer vi lell om hverken Kulturhus eller kommune er medlemmer hos oss, då vi reknar det som informasjon som kjem alle todalingar til gode.
Siste nytt fra Il Søya
Fra nettsidene til Søya kan vi oppdateres blandt annet om nytt fotballstyre og å lese om “Prosjekt tilhørighet” der det er mulig å støtte Idrettslaget ved kjøp/bruk av sesongkort på MFK sine hjemmekamper.
På salgsturné med “Jul på Nordmøre”
I kveld banka det på ytterdøra, og utafor sto det to salgsrepresentantar. Ola og Eivind Bolme var ute på salgsturné med julehefte. Ola hadde ein bærepose med nokre “Jul på Nordmøre” i og Eivind hadde ein plastpose med pengar. Og dei fortalte at det var mykje godt lesestoff i heftet, og at prisen var kr [...]
Lysmesse
I ettermiddag var det lysmesse i Todalen Kyrkje. Her var det ungdomane som skal konfirmerast no til våren som sto for deler av programmet. Dei både las og tende lys denne fyrste søndagen i advent.
Hjortfesta vel i hamn
Laurdag kveld inviterte Todalen idrettslag sine sambygdinger til hjortfest i Ungdomshuset. Det var jaktlaget på sørsida av bygda som var vertskap, og eit lite hundretalls todalingar deltok på årets “jaktbankett”. Vertskapet hadde sørga for ekte og velsmakande hjortegryte, og bydde i tillegg på underhaldning i form av song og musikk og ein konkurranse mellom jaktlaga i bygda. I tillegg var det utdeling av heidersprisen “Den gyldne Patron” som denne gongen vart tildelt redaktørkollegiet i Todalen.no
Strikkekafè i Sanitetshuset
Kald vind og masse kuldegrader ute anfekta ikkje “strikkegjengen” i sanitetshuset laurdag ettmiddag. Der var det godt og varmt, og det knitra i strikketøyet rundt bordet, der 11 deltakarar hadde teke plass. Samtidig gikk praten uanfekta av strikkinga, og det vart skapt både gensere, votter og sokkar og mykje anna rart. Og sjølvsagt var det [...]
Ingvar minnes cruiseskip på Todalsfjorden
I juli hadde vi ei kommentarsak til at Ragnar Halle hadde lansert ein ide om cruisetrafikk på Todalsfjorden som framtidig turistmål i ein artikkel i Driva. Dette var kanskje ikkje så framand ein idè, for det har faktisk vore cruiseskip på Todalsfjorden før. Ingvar Øyen (87) minnes at det var eit engelsk cruiseskip på Todalsfjorden ein gong da han var gutunge. Ingvar er litt usikker på når det var, og namnet på båten, men det var før han begynte på skulen. Sannsynleg vis på slutten av 1920-talet.
Stangvik historielag med årsskrift
Denne veka kom det nye årsskriftet til Stangvik historielag i salg. Leiar Einar Grønnes rosa bidragsytarane og redaksjonsnemda for arbeidet med årsskriftet. 100 sider med 23 artiklar, der tekst og bilder famnar vidt i tid, emne og geografi. Mellom anna er det ein artikkel om da Todalsfjorden/Stangvikfjorden var islagt heilt ut til Aksneset i 1940-åra.
Bibliotekets framtid under vurdering
Todalen er i dag einaste gjenverande filial blant bygdefilialane under Surnadal Folkebibliotek. No vurderast framtida til filialen, som opplever for dårlig besøk for å kunne forsvare å oppretthalde drifta på dagens nivå. Filialen i Todalen har hovedvekt på bøker for barn og unge, men har også eit stort utvalg av bøker til voksne.
Amazing Safari
Ei halvfull kyrkje, to kor og eit orkester var slett ikkje det verste i vinterkulda ein sein novemberkveld. Todalskoret hadde i kveld bede med seg Åskardskoret og orkesteret Safari til ein variert Tonekveld i Todalen Kyrkje.
Tonekveld med Safari
Onsdag kveld (24. november kl 19.30) er det tonekveld i Todalen kyrkje. Da kjem gruppa Safari med 7-manns orkester og vil opptre sammen med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor som begge har Bernt Bøe som dirigent. Safari har mykje flott musikk på programmet, og vi får høre både negro spirituals, salmer og tradisjonslåter frå Sri Lanka denne kvelden, fortel Gudmund Husby som er ein av musikarane i orkesteret Safari.
Søk i våre arkiv
Hvis du leiter etter noko spesielt på sida vår, kan du prøve eit søk! Skriv kva du søkjer etter, og trykk Enter.
Logg inn som redaktør



































