Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hjortfesta vel i hamn

Hjortfesta vel i hamn

Jon Olav Ørsal Sundag 28. november 2010

Laurdag kveld inviterte Todalen idrettslag sine sambygdinger til hjortfest i Ungdomshuset. Det var jaktlaget på sørsida av bygda som var vertskap, og eit lite hundretalls todalingar deltok på årets «jaktbankett». Vertskapet hadde sørga for ekte og velsmakande hjortegryte, og bydde i tillegg på underhaldning i form av song og musikk og ein konkurranse mellom jaktlaga i bygda. I tillegg var det utdeling av heidersprisen «Den gyldne Patron» som denne gongen vart tildelt redaktørkollegiet i Todalen.no

Jaktlaget hadde laga song med eigne tekster, og med melodi fra DDEs «Vi er konga» som dei framførte frå scena, og i tillegg var representantar frå alle jaktlaga i bygda utfordra i ein konkurranse. Den hadde både ein teoretisk og praktisk del, der Elmer Talgø og Gudmund Kårvatn frå Talgø og Kårvatn enda opp med høgast score.

Vidare var det utdeling av heidersprisen «Den Gyldne Patron». Her fikk vi litt av ei overrasking, da den i år vart tildelt Todalen.no for arbeidet med nettsida vår. Ei gledeleg overrasking som vi setter stor pris på.

Etter at kveldens program- og serveringsdel var ferdig var det tid for ein svingom, og her var orkesteret Norfolk på plass på scena med svingande rytmer ut i dei små timane.

Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå hjortfesta.    Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. november 2010, 13:00