Arkiv for oktober, 2010

Side 1 av 512345»

Med segl og Wichmann for fullt hus


Surnadal kulturhus var nerast fullsett da fjordakabareten “Med seg og Wichmann” vart vist laurdag kveld. Det er Bernt Bøe som har vore primus motor, og stått for både tekster, musikk og regi for kabareten. Den var ein hyllest til slitet og motet og truskapen, skriv Bøe i programmet. Med seg hadde han Bøfjord mannskor, Åsskard kyrkjekor og Todalskoret.

2 i 1


I går kveld held Start 4H årsmøte på Bordholmen, etterfulgt av eit grøsseleg halloweenparty. Årsmøtet gjekk roleg og skikkeleg for seg, der det blandt anna vart vald nytt styre for det kommande året. Nyvald leiar vart Marte Talgø, nestleiar Astrid Longva Kvendset, sekretær Endre Talgø, kasserar Kristine Svinvik og styremedlemmane Frikk Hauglann Talgø, Emma Sæther og Mads Marius Øyen.

Konsert i Stangvik kyrkje, i dag.


Frå Oddveig Helset Halle har vi motteke ein epost om konserten som skal vere i Stangvik kyrkje i dag . Ho skriv; “På ettermiddagen i dag er det duka for ord og tonar i Stangvik kyrkje der vi får høyre sopran Lone Eines med tonefølgje av kantor Oddveig Helset Halle
på orgel/piano. Berit Anne Røkkum les tekster av salmediktaren Edvard Hoem.

Eldremiddag med kjøtt og påsse


Sist onsdag, den 27.oktober, var vi til sammen 32 gjester i Sanitetshuset til eldremiddag. Det var et ualminnelig stort antall gjester, og er foreløpig det største antallet vi har hatt for middagene i 2010.

Svorka sjekkar kraftlinja


Laurdag morgon var det nok mange som lura på kva foregikk når eit orange helikopeter flaug på kryss og tvers rundt heile bygda. Løysinga på gåta er nok at Svorka Energi nyttar helikopter til å sjekke kraftlinja. Dette er nok effektivt å få gjort med helikopter, der ein kan synfare både visuelt og med varmesøkjande kamera.

Loddsalg for aldersheimen


Snart er det basar på Aldersheimen i Stangvik. Ingri Bruset og Steinar Gjeldnes frista med mange fine basargevinstar da dei dreiv førehandssalg på ICA Todalen laurdag formiddag. Og Steinar, som var “kasserar” kunne fortelje at loddsalget gjekk strykande.

Rundt neste sving: Todalen


I dag fikk vi telefon frå Andreas Lunnan (70), tidlegare progaramleiar i NRK, med påminning om at det blir reprise på programmet “Rundt neste sving: Todalen”. Han fortalte at programmet kjem på NRK2 neste laurdag (6. november) kl. 18.55.

Livslyst og stressmestring


Tidligere “Puls”-programleder Anbjørg Sætre Håtun lå i tre år pleietrengende hjemme hos sine foreldre uten krefter til å gjøre noe som helst. Under perioden lærte hun seg teknikker som hjalp henne til å takle den motgangen hun opplevde, og å oppnå mestring. Dette førte til boka “Livslyst”, som ledet til foredraget med samme navn. Torsdag kveld var hun på besøk i Surnadal og Surnadal Velværesenter for å dele med sine “10 bud”.

Praktfull morgon


Fredag morgon var det eit praktfullt lys frå aust. Da det grydde til ein ny dag var himmelen heilt raudfarga i nokre minutt. Biletet er teke frå kontorvinduet ca 08.30, og har pumpene til HalsOil i framgrunn.

Foredrag frå Bygdemobiliseringskonferansen


24. og 25. september var det arrangert Bygdemobiliseringskonferanse på Stranda. I den andledning har vi no i etterkant motteke foredraga som var på konferansen. Så her kan ein oppdaterast om ein ikkje hadde høve til å stille

Workshop for ungdom


Tysdag 23.november inviteres engasjert ungdom frå heile Møre og Romsdal til ein workshop om prosjektuvikling. Invitasjonen går til all ungdom som har lyst til å starte gode prosjekt, for, av og med ungdom, i sitt lokalmiljø. Det kan vere at du eller ein gjeng frå fritidsklubben, ungdomspanelet, eller frå organisasjonen din, saknar noko i kommunen og ønskjer å få i gang noko positivt?

Etterlyser gamle protokollar…


Eivind Grønmyr etterlyser gamle protokollar og rekneskapsbøker. Todalen Bondelag arbeider med å samla skrive historia om Todalen Feavlslag. Viktigaste oppgåva til laget var å kjøpa inn og drive utleie av foreningsoksen. Dette hadde stor betydning for avlen av storfe i bygda, og gjorde det muleg å få inn nye gener. Men dei saknar den første protokollen, og saknar difor ein del av historia.

Medlemmar

Surnadal Kulturhus
Talgø Møbelfabrikk AS
Indre Nordm�re Forsvarsforening
Trollheimsporten
Todalshytta
Søya og Todalen Skytterlag
Kombi Regnskap
Stangvik Historielag
Todalen Sokneråd
Todalen Sanitetsforening
Todalen Småbåtforening
Eldremiddagen
Skulstuå i Todalen
Stangvikfestivalen
Todalen Elveeigarlag
Driva
Start 4H
Sparebank1 Midt-Norge
Norsk Laksefestival
IL S�ya
Surnadal Regnskap AS
Kårvatn Fjellutstyr
Studio Saksen
Surnadal Pensjonistlag
Todalen Idrettslag
AMFI Kreativ
Skogkompaniet
Norgeshus Byggefirma Olav Haugen AS
Svorka
AMFI Surnadal
Todalen Historielag
Surnadal Sparebank
Viastua Gardsprodukt
Rossåa Settefiskanlegg
ICA Todalen
Todalen Bondelag
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Todalen Brygge
Gjensidige Surnadal
Nordvik Grendalag
Surnadal Kommune

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Tor 23. mai: Søppeldag
    • Tor 23. mai: Markering av Verdens aktivitetslag
    • Tor 23. mai: Lagseriestemne
    • Tor 23. mai: Befaring
    • Lør 25. mai: Open dag INF
    • Lør 25. mai: Open pub
    • Søn 26. mai: Hestens dag
    • Søn 26. mai: Sykkeltrim
    • Man 27. mai: Knøttetrening
    • Ons 29. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør