Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Tapt-funne

Elinor Bolme Fredag 11. august 2017

Ein grønn puma-jakke vart funnet ved Legdvatnet 10.august. Om det er nokon som saknar den er det berre å ta turen til Andersstua så får du den att.


Oppstart for saniteten

Elinor Bolme Fredag 11. august 2017

Førstkommande tirsdag er det oppstart med medlemsmøter etter sommarferien. Sanitetsforeninga ønsker nye og gamle medlemmer hjerteleg velkomne til ein ny spennande haust ilag.


SJFF inviterer til storhelg på Vaulen

Elinor Bolme Torsdag 10. august 2017

Surnadal Jeger- og Fiskerforening inviterer til aktivitetshelg på Vaulen, Nordmarka neste fredag og lørdag (18.-19.8).

Arrangementet er planlagt som ein overnattingstur, men det er selvfølgelig mulig å delta kun på laurdagen om ei ønsker det.


Lokalderby på Bordholmen

Elinor Bolme Torsdag 10. august 2017

Førstkommande laurdag kl 14 møtes Todalen og Søya til fotballdyst på Bordholmen. Her blir det nok eit klassisk oppgjør der ingen av laga har tekt seg til hverken uavgjort eller tap. Begge laga har no i følge sikre kilder samla i hop sine fotballspelarar og speler for bygdas ære.


Saknar sin eigar

Elinor Bolme Tysdag 8. august 2017

Har du eller nokon du kjenner forlagt sandalane dine i sommar? Det lurer dei ansatte i Todalen Barnehage på. Dei har nemleg funne eit fint sandalpar inne på barnehagens område etter ferien.


Forsvarshistorisk sommertur til Hemne

Elinor Bolme Laurdag 5. august 2017

29. august arrangerer Indre Nordmøre forsvarsforening sommertur til Hemne sammen med Nordmøre brigadeveteranforening.


Jublar for fin 2. plass

Elinor Bolme Fredag 4. august 2017

Kråkerøy vart haket for sterke for G14 Surnadal/Søya/Todalen under dagens finale i gruppespel B. Gutane kjempa godt i begge omgangane, men Kråkerøy fekk betre utteling på sine sjansar og vann komfortabelt 3-0. Uansett har gutane gjennomført årets Norway Cup med stil og kjempeinnsats.


Ivar og John med pallplass

Elinor Bolme Fredag 4. august 2017

Ivar Waag og John Nordvik gikk i dag nesten til topps under finalen i feltskyting i klassen eldre junior. Ivar tok andreplassen og John tredjeplassen. Gutane representerer Surnadal skyttarlag i ein tropp som tel 16 påmeldte fortel Hanne Waag frå Landsskyttarstemnearenaen i Førde.


Ivar Waag vinnar i sin klasse

Elinor Bolme Torsdag 3. august 2017

Det er ikkje berre i fotballen lokale idrettsutøvarar gjer det godt. I kveld gjekk Ivar Waag frå Nordvik til topps i klassen eldre junior med fenomenal skyting. Denne klassen er ny av året, og Ivar vart derfor historisk med seieren skriv Det Norske Skyttarvesen på si heimeside no i kveld.


Spenning til siste minutt gav finaleplass

Elinor Bolme Torsdag 3. august 2017

Etter eit nervepirrande lokaloppgjør mellom Surnadal/Søya/Todalen og Halsa/Valsøyfjord i klassen G14 kunne SST gå jublande ut av derbyet med 3-2 til slutt og er no klare for finalespill. Halsa/Valsøyfjord gjekk opp i leiinga etter berre 2 minutt og denne stillinga held seg til pause. Martinus Kvendset åpna 2. omgang med 1-1, før Halsa/Valsøyfjord gjekk opp […]


G14 fossar vidare, semifinale neste!

Elinor Bolme Torsdag 3. august 2017

G14 Surnadal/Søya /Todalen klarte i dag å slå arrangørklubb Bækkelaget IL 5-3 i sin kvartfinale i B-sluttspelet i dag tidleg. Det betyr nok ein dag med to kampar, da semifinalen går klokka 15.15 i dag, mot Halsa/Valsøyfjord. Eit lokaloppgjør langt heimafrå.


G14 overlegne i begge sine kampar, og går vidare!

Elinor Bolme Onsdag 2. august 2017

G14 Surnadal/Søya/Todalen møtte i dag Bjørn IL i 1/16-finale i B-sluttspelet, og kunne etter endt kamp juble etter ein solid 10-1 seier. Dette gjer at gutane allerede i kveld gjekk vidare til 1/8-finale mot Haugerud klokka 18.30. Og også den kampen tok gutane med storm. Dei var heldige med eit sjølvmål etter 4 minutt og Trym Schei Kvendset som fekk inn 2-0 etter 18 minutt.