Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1043 artiklar i dette arkivet.


Todalen skule blir lagt ned frå hausten 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. august 2020

Det 100.skuleåret ved Todalen skule, som starta sist måndag, ser ut til å bli det siste ved skulen. I ei orienteringssak til Formannskapet, Hovudutval for Oppvekst og seinare i haust til Kommunestyret orienterer kommunalsjef oppvekst Astrid Mogstad Høivik og kommunedirektør Knut Haugen om at elevtalsutviklinga ved Todalen skule tilseier at skulen frå hausten 2021 blir slått saman med Stangvik skule på Evenshaugen. Bakgrunnen for orienteringssaka er Surnadal Kommunestyre sitt samrøystes vedtak den 13.12.2018 der det heiter:


Tur til Mogstadsetra

Dordi Jorunn Halle Torsdag 20. august 2020

Tirsdag 25.8. går Fjellgruppa til Mogstadsetra. Vi parkerer ved Nistua på Mogstad etter anvisning, og går etter skogsvegen opp til setra.


Friidrett på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. august 2020

I kveld var det friidrett på Bordholmen i finveret. 8 ungar hadde teke turen for å konkurrere med seg sjølv i 5 øvingar.



Har du takstein liggande?

Dordi Jorunn Halle Onsdag 19. august 2020

Barndomsheimen til Hans Hyldbakk, Kleiva, er under restaurering. Men det manglar ein del original takstein.

 Maja Frønes som har ansvar for musea i kommunen, skriv:


Endeleg kamp!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. august 2020

Måndag kveld var det endeleg klart for kamp for Søya/Todalen sitt G9/10 lag på Søyabanen. Etter mange månader med berre trening og terping kunne endeleg gutane kle på seg drakta og entre banen for å spele kamp. Første kamp var mot Tingvoll. Dette var òg første gongen laget spela fotball på 7-ar bane, og det prega dei litt i starten, men det betra seg mykje etter pause. Likevel vart Tingvoll for sterke, og vann kampen til slutt med god margin. Men spelarane får ein ny sjanse allereie neste måndag.


Sesongstart i godt ver

Dordi Jorunn Halle Måndag 17. august 2020

I sol og godt ver starta Kløverturen opp att etter ein lang sommarpause. Turen gjekk etter Toåa tursti; ei triveleg turløype.


Skulestart for 100.gong ved Todalen skule

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. august 2020

I dag var det skulestart for 100. gong ved Todalen skule, vel og merke ved dagens skule som vart teken i bruk hausten 1920. Skuleåret 2020/21 er det 23 elevar ved Todalen skule, ein nedgang på 5 elevar i høve til siste skuleår. Edvard Halle starta som einaste elev i 1.årstrinn i år. Dette er første gong sidan 1987 at det er berre ein elev som startar sin skulegang i 1.årstrinn.


Haustsesongen for Kløverturen startar måndag

Dordi Jorunn Halle Laurdag 15. august 2020

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 17. august i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Fotpleie i august

Dordi Jorunn Halle Tysdag 11. august 2020

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 24. august og tysdag 25. august. Det er mange ledige timar båe desse to dagane.

Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391.



Medlemsmøte i Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Torsdag 6. august 2020

Styret i Todalen sanitetsforening melder at det blir medlemsmøte i Sanitetshuset tysdag 25. august kl. 18:30. Møtet vil bli arrangert i tråd med smittevernreglane for hygiene og matservering.