Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2472 artiklar i dette arkivet.


Tilskotsordningar i Surnadal kommune 2023

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. mars 2023

Kulturavdelinga i Surnadal kommune orienterer om dei forskjellege tilskottsordningar dei har til kultur og idrett det komande året, og søknadsfristane for desse. Dei ber også om å få forslag på kandidatar til «Kleivaprisen», som blir delt ut under «Kleivakvelden» på Kleiva i samband med Vårsøghelga. 


Toril Redalen tildelt statens kunstnarstipend for ti år

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. mars 2023

Keramikar Toril Redalen frå Austigarden på Kvennset er tildelt stipend for etablerte kunstnarar. Stipendet er tiårig og blir delt ut til yrkesaktive kunstnarar som i hovudsak bor og har sitt virke i Norge, og som gjennom år har hatt verksemd og som har ytt ein kvalitets messig verdifull kunstnarisk innsats. 


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mars 2023

Styret i Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 27. april klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap, innkomne forslag og val. 


Fullstendig sakliste til årsmøtet klar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mars 2023

Tysdag 28. mars er det årsmøte i Todalen historielag klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. No er fullstendig sakliste klar, og den kan du lese nedanfor. 


Påskebakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mars 2023

Fredag 31. mars, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til påskebakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen i påska. 


Bli med på siste trim før påske i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mars 2023

Torsdag 31. mars klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!


Konfirmantane ber med seg håp

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. mars 2023

Saman med konfirmantar over heile landet, gjer konfirmantane og frivillige i Surnadal og Rindal seg klare for innsamling til Kirkens Nødhjelp sin årlege Fasteaksjon. Tysdag 28. mars gjennomfører kyrkjelydane i Surnadal og Rindal bøsseaksjon frå klokka 17.00. Konfirmantar og frivillige samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda, og gjev håp der nauda er størst. I Todalen er det konfirmantane, saman med soknerådet som står for innsamlinga. Husk difor å ha kontantar eller Vipps! klar til dei kjem!


Klatrerommet på Bordholmen demontert i går kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 23. mars 2023

På årsmøtet til Todalen Idrettslag førre onsdag, vart styret sitt forslag om å demontere klatrerommet i reiskapshuset på Bordholmen samrøystes vedteke. Styret fekk ansvaret for å gjennomføre demonteringa og starte arbeidet med å innreie dette til aktivitetsrom for dei yngste medlemmene i laget.


«Trivselskveld» på Surnadal Hotel!

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. mars 2023

Surnadal Pensjonistlag inviterer til «Trivselskveld» på hotellet 19. april klokka 19:00. – Dette har blitt mest som ein tradisjon at Surnadal Pensjonistlag steller til «Trivselskveld», seier Kristian Ranes i Pensjonistlaget. 


Fullstendig sakliste til årsmøtet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. mars 2023

Vi er inne i ei hektisk tid med årsmøter, og onsdag 29. mars klokka 19:30 er det Todalen.no som har årsmøte i Todalen ungdomshus. No er den fullstendige saklista klar, den kan du sjå nedanfor. 


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 21. mars 2023

Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 26. mars klokka 11:00. Liturg er Torbjørn Brøske og Bernt G. Bøe er organist. Takkoffer til Kyrkjelydsarbeidet via Vipps 506908. 


Podeverkstad i arboretet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 21. mars 2023

Søndag 26. mars inviterer Svinviks arboret til årets podeverkstad i klokka 13:00. Poding av frukttre er ein mykje nytta formeringsmetode der ein spleisar saman ein kvist frå med ei rotplante. Har du kanskje eit fint gamalt epletre du ønsker å få fleire eksemplar av? Da kan du ta med ein kvist og få rettleiing til korleis du skal gå fram for å få til eit nytt tre.