Test av naudvarsel onsdag
Onsdag 8. januar klokka 12:00 blir Naudvarsel på mobil og varslingsanlegga til Sivilforsvaret testa over heile landet. Dette er altså berre ein test, så ein treng ikkje foreta seg noko.
Vi fann 2469 artiklar i dette arkivet.
Onsdag 8. januar klokka 12:00 blir Naudvarsel på mobil og varslingsanlegga til Sivilforsvaret testa over heile landet. Dette er altså berre ein test, så ein treng ikkje foreta seg noko.
I dag vart det siste toppisdekket på skeiseisen på det nye nærmiljøanlegget til Todalen Idrettslag på Bordholmen stadion lagt, og Finn Ranes i dugnadsgjengen for skeiseis kan melde om fine forhold for å gå på skeiser, så da er det berre å ta fram skeisene og ta i bruk det nye nærmiljøanlegget.
Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for januar og februar 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for mars og april 2025 blir lagt ut i måadsskiftet feburar/mars.
På årets siste dag, inviterte Todalen Idrettslag i samarbeid med Todalen bøgdalag til familiefyrverkeri på Bordholmen stadion, slik at dei yngste kunne få vere med på fyrverkeri utan å måtte vere oppe til midnatt.
Da bankar eit nytt år på døra, og tida er inne for å sjå seg litt tilbake, også for oss i Todalen.no. I 2024 har vi produsert og publisert 1062 saker, noko som er 44 saker meir enn i 2023, Besøkstala på sida vår ligg i snitt godt over 1000 besøk kvar dag, så det er tydeleg at mange sett pris på det arbeidet vi gjer, og det er vi sjølvsagt glade for!
Det har etter kvart vorte ein tradisjon med nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje. Kjell Gunnar Polden har sendt oss ein liten omtale av gudstenesta i ettermiddag. Omtalen les du nedanfor.
Da kan leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme og driftsleiar i Toåa tursti, Ivar Bolme melde at turstien er nybrøytt og klar for fottur! – Her er det fine forhold for ein fottur, og det er heller ikkje noko problem å ta med seg barnevogn på turen, seier Elinor.
Tysdag 31. desember (nyttårsaftan) klokka 18:00 inviterer Todalen Idrettslag, i samarbeid med Todalen bøgdalag til familiefyrverkeri på Bordholmen stadion.
Rett før jul kom den 54 årgangen av den populære Søyaposten, som Idrettslaget Søya er utgjevar av. Dette er kjærkommen julelektyre til glede for mange og noko som det blir sett pris på.
Da har vi feira julekveld og har så vidt teke til på romjula, noko som inneber litt endra opningstider hos Matkroken Todalen fram til nyttår. I dag, onsdag 25. desember er butikken heilt stengt, medan det torsdag er kioskope klokka 16:00 – 18:00.
Da ringer kyrkjeklokkene jula inn og julefreda er i ferd med å senke seg over bygd og by. Vi i redaksjonen i Todalen.no, Jon Olav, Dordi Jurunn, Guro og Bjørn Gunnar ønsker våre lesarar ei riktig god og fredfull jul.
Nordvik Grendalag inviterer til tradisjonell juletrefest i Nordvik forsamlingshus torsdag 26. desember (2. juledag) klokka 14:00.