Fullstendig sakliste til årsmøtet klar
Todalen bøgdalag gjennomfører sitt årsmøte torsdag 27. mars klokka 20:00 i Todalen ungdomshus. No er den fullstendige saklista til årsmøtet klar, og den kan ein sjå nedanfor.
Vi fann 2519 artiklar i dette arkivet.
Todalen bøgdalag gjennomfører sitt årsmøte torsdag 27. mars klokka 20:00 i Todalen ungdomshus. No er den fullstendige saklista til årsmøtet klar, og den kan ein sjå nedanfor.
Pensjonistforbundet Surnadal inviterer til medlemsmøte onsdag 26. mars klokka 15:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei.
I ei pressemelding frå Alti no på tidleg ettermiddag, får vi vite at Alti har fått «Bærekraftprisen» for andre år på rad. Prisen vart utdelt på Retail Arena i går kveld. Retail Arena er Norges største konferanse for handel. Under konferansen fekk altså Alti Forvaltning/Aurora Eiendom tildelt «Bærekraftprisen».
I siste halvdel av mai blir den 13. utgåva av Surnadalsmagasinet distribuert til alle husstandane i Surnadal, Rindal, Sunndal, Tingvoll, Heim, Aure, Smøla, Orkland, Rennebu, Oppdal og Kristiansund kommunar. I år er første gongen magasinet også blir distribuert i Kristiansund.
Surnadal bibliotek inviterer onsdag 19. mars klokka 19:30 til spennande forfattarmøte med TV-profilen Arill Riise i Surnadal frivilligsentral sine lokaler i Fiskegården på Skei. Det er gratis inngang, og det blir høve til å kjøpa signerte utgåver av Arill Riise si bok «Der ingen var einsam».
Søndag 16. mars kjem gospelkoret Gospelexplosion frå Trondheim med sine seksti medlemmer og dirigent Leif Ingvald Skaug på besøk til Ranes og Stangvik kyrkjer. Her blir det feiande flotte rytmar, skikkelig «sørstatsgospel» og gode moglegheiter for «sing-along» (allsang).
Nordmørsmusea og Svinviks arboret lyser no ut årets sesongstillingar i arboretet. Så har ein lyst til å arbeide i arboretet i sommar, eller kjenner ein kanskje nokon som har lyst til å jobbe i arboretet?
Fredag 14. mars frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard på nytt til ope bakeriutsalet. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til «helgakaffen».
Frå romantisk western, via «bleie-helt» til prøvekanin i verdsrommet på Surnadal kino denne veka. Og så denne Bob Dylan! Filmklubben viser den romantiske westernfilmen «Til verdens ende» osdag 12. mars klokka 12:00.
«Tenkje sjøl?!», ja, det er namnet på årets russerevy i Surnadal, der Edel Therese M. Karlsen og Van Adrian Hadraque Ansnes representerer Todalen i årets russekull. Båe to er med på Scena under årets russerevy, som hadde premiere i Storstuå på Surnadal kulturhus torsdag kveld. Nordvikgardingen Synnøve Nordvik, saman med Ida Mo og Elida Sofie Fiske, utgjorde leiarteamet for årets russerevy.
Todalen.no kallar inn til årsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka tysdag 15. april klokka 18:00. Vanlege årsmøtesaker, statistikkar, utdeling av «årets bilde» og enkel servering.
Laurdag 15. mars klokka 13:00 er det klart for årets podeverkstad i Svinviks arboret. Da vil museumsgartner Stefan Patrick Nilsen og Sven Olav Svinvik lære bort grunnleggande teknikkar for poding, og ei får pode sitt eige tre.