Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2469 artiklar i dette arkivet.


Minner om medlemskontingenten for 2025

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. april 2025

Faktura for medlemskontingenten for 2025 i Todalen Idrettslag vart sendt ut i februar med forfall i starten av mars. Det er fortsatt mange fakturaer som ikkje er betalt, og idrettslaget har akkurat no sendt ut purringar på kontingenten for 2025. Medlemskontingenten er ei viktig inntektskjelde for Todalen Idrettslag, både direkte og indirekte, fordi medlemstalet er grunnlaget for utrekningar ved tildelingar av ulike offentlege tilskot,  


Ta god imot bøssebæararane på tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. april 2025

Tysdag 8. april frå klokka 17:00 vil årets konfirmantar og representantar frå Todalen Sokneråd besøke alle husstandane i Todalen, for å samle inn pengar til årets utgåve av Kirkens Nødhjelp sin «fasteaksjon». 


Påskeutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. april 2025

Fredag 11. april frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til påskeutsal i sitt heilt nye bakeriutsal. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffekosen i påska. 


SpareBank 1 Nordmøre fyller 190 år i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. april 2025

I dag, 5. april fyller SpareBank 1 Nordmøre 190 år. Dette blir markert med kake, hornmusikk og maskoter på Piren i Kristiansund og på Alti-senteret i Surnadal frå klokka 12:00 – 14:00. Banken ønsker velkommen til bursdagsfeiring! Til jubileet har amdinistrerande direktør i banken, Allan Troelsen skrive ein kronikk, som ein kan lese nedanfor:


Slår saman forsvarsforeninger på Indre og Ytre Nordmøre

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. april 2025

I ei pressemelding frå Normøre forsvarsforening ved sekretær Lars Indreiten, blir vi informert om at Nordmøre forsvarsforening og Ytre Nordmøre forsvarsforening har hatt ekstraordinære årsmøter der dei har vedteke å slå seg saman til Nordmøre forsvarsforening. Pressemeldinga kan ein lese nedanfor: 


Inviterer til jubileumsbasar i ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. april 2025

Søndag 13. april (palmesøndag) klokka 18:00 – 20:00 inviterer Todalen Idrettslag til jubileumsbasar i Todalen ungdomshus. Bakgrunnen er at Todalen ungdomshus i år er 125 år, noko som altså blir markert med basar. 



Atleta med treningstilbod i påska

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. april 2025

Vårt medlem Atleta, som er lokalisert i Landbrukshuset på Skei i Surnadal, har sendt oss ein oversikt over kva treningstilbod dei kan tilby i påska i år. Nedanfor kan du lese meir om Atleta sitt treningstilbod i påska:  



Filmklubben viser finsk tragikomedie

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. mars 2025

Meir tørrvittig finsk humor, kombinert med grå kvardagsrealisme, i filmklubben på onsdag. Filmklubben viste finske Aki Kaurismäkis siste film, «Høstgule blader», i haust, og trass i ein solid dose traudig innhald, slo filmen godt an. Difor blir også Kaurismâkis nest siste film, «Den andre siden av håpet» frå 2007 vist vist det onsdag 2. april klokka 12:00


Gudsteneste i Todalen kyrkje på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. mars 2025

Todalen Sokneråd inviterer søndag 30. mars klokka 11:00 til gudsteneste i Todalen kyrkje. Her blir det mykje song og musikk, og det skal syngast kjende og kjære songar, seier sokneprest Pål Arne Winsnes. 


Lars Ove Løseth ny leiar i Surnadal Golfklubb

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. mars 2025

Torsdag kveld hadde Surnadal Golfklubb kalla inn til årsmøte, og atten medlemmer møtte opp. Her vart ei fyldig årsmelding for 2024, saman med årsrekneskapen for 2024 vedtekne.