Vinterferieutsal hos Lia gard på fredag
Fredag 14. februar frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til vinterferieutsal i bakeriutsalet sitt. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffen i vinterferien på skulane, som er i veke 8. Forresten så er det VM i skiskyting også, så da kan det vere lurt å ha noko godt på lur for å feire eventuelle medaljer!