Nordvik Grendalag utsett planlagt dugnad tysdag
Styret i Nordvik Grendalag melder at den planlagte dugnad på leikeplassen i Sollia tysdag 29. april, på grunn av vêrmeldingane, blir utsett på ubestemt tid!
Vi fann 2469 artiklar i dette arkivet.
Styret i Nordvik Grendalag melder at den planlagte dugnad på leikeplassen i Sollia tysdag 29. april, på grunn av vêrmeldingane, blir utsett på ubestemt tid!
Todalen Idrettslag sitt driftsstyre for Bordholmen arrangerer vårdugnad på Bordholmen stadion onsdag 30. april klokka 17:00 – 19:00. På vårdugnaden skal idrettslaget sitt anlegg på Bordholmen gjerast klart og presentabelt til ein ny sommersesong med mykje aktivitet.
Onsdag kveld inviterte Statnett alle interesserte til informasjonsmøte om den nye kraftlina mellom Surnadal og Sunndal kommunar. Bakgrunnen er at Statnett har fått konsesjon av NVE til å bygge ei ny 47 kilometer lang 420 kV kraftline mellom Surna transformatorstasjon i Surnadal kommune og Viklandet transformatorstasjon i Sunndal kommune.
Matkroken Todalen søker no etter butikkmedarbeidar i rundt 70% stilling. Så har du lyst til å arbeide i butikk med varierte arbeidsoppgåver, så er det berre å sende inn ein søknad!
Svinviks arboret i samarbeid med Surnadal hagelag inviterer til vårdugnad i Svinviks arboret onsdag 7. mai klokka 18:00. På årets vårdugnad er det kvistrydding og lukearbeid som er mest aktuelt.
Etter ei hektisk påske med opning av nytt bakeriutsal og mykje besøk, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal fredag 25. april frå klokka 12:00 – 17:00. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffekosen til helga.
I samband med utbygginga av ny kraftline mellom Surna og Viklandet kraftstasjonar, inviterer Statnett til ope informasjonsmøte på Thon Hotel Surnadal onsdag 23. april klokka 18.00.
Styret i Nordvik Grendalag minner om dugnaden sin i Nordvik forsamlingshus og på Øygarden i morgon, tysdag 22. apirl klokka 18:00. Forsamlingshuset skal vaskast, og på Øygarden skal gjerdet ved fotballplassen reparerast. Ta derfor med høveleg utstyr, er oppfordringa frå grendalaget.
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 23. april klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir det servert pasta og kjøttsaus.
Todalen Sokneråd inviterer til friluftsgudsteneste på Tjønnmyrann 21. april (2. påskedag) klokka 12:00. – Vi håper både på mye folk og godt vær, seier sokneprest Pål Arne Winsnes.
Langfredag inviterte driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle Kjerringdilten på Todalen Idrettslag si skihytta. Hytteboka viste at heile sytti to personar takka for invitasjonen og tok turen til skihytta i det fine påskevêret. Det var dårleg skiføre, eller rettare sagt snøfritt og heilt fritt for skiføre, så folk måtte i år ta føtene fatt for å kome seg på skihytta og Kjerringdilten.
Onsdag kveld inviterte Todalen bøgdalag til «påskequiz» i Todalen ungdomshus, og mange responderte på invitasjonen og tok turen til ungdomshuset.