«Sommartrening» på Atleta
Sommaren nærmar seg med stormskritt, og Atleta tilbyr frå 14. mai til 1. august, der ein kan kjøpe tilgang for 1, 2 eller 3 månader. Les meir om sommartrening på Atleta nedanfor:
Vi fann 2469 artiklar i dette arkivet.
Sommaren nærmar seg med stormskritt, og Atleta tilbyr frå 14. mai til 1. august, der ein kan kjøpe tilgang for 1, 2 eller 3 månader. Les meir om sommartrening på Atleta nedanfor:
Vi har i ettrmiddag vore i kontakt med Telia sitt kundesenter, for å høyrer når ein kan forvente at mobilnettet til Telia i Todalen er operativt igjen. Telia kunne fortelje at nettet vil vere operativt att frå fredag 16. mai klokka 11:00. Om dette stemmer, ellerr berre er eit nytt estimat attstår å sjå, men ein får leve i håpet!
Todalen Idrettslag inviterer også i år alle til «nasjonalsdagsfrokost» 17. mai klokka 11:00 i Todalen ungdomshus. Her blir det servert frokostbuffet med mykje god og variert mat. Russen er spesialinvitert, og får gratis frokost om dei kjem i russeutstyr!
Under Vårsøghelga, inviterer Vårsøghelga, SpareBank 1 Nordmøre og Surnadal Næringsforening konferansen «Saman for Surnadal, Med hjarte for bygda» fredag 23. mai klokka 12:30 – 15:00 i lokalene til SpareBank 1 Nordmøre på Skei.
Telia-nettet i Todalen er nede melder Telia. Det er feil på 5G, RG og 2G sendarane i Todalen, noko som inneber at det ikkje er mobildekning. Telia kan ikkje seie eksakt når feilen er retta, men estimatet akkurat no er innan klokka 21:30 i kveld.
Todalen bøgdalag inviterer måndag 12. mai klokka 18:00 til dugnad for å rydde langs vegkantane rundt Todalen. Oppmøte på Bordholmen stadion. Bøgdalaget stiller med søppelsekkar og eingongshanskar. Det trengs nokon som har bil med hengarfeste, da det skal brukast hengar.
Surnadal kommune har ledig stilling som brannkonstabel ved Todalen brannstasjon. Så har du lyst til å vere med i det frivillige brannvesenet i Todalen, så er det berre å lese informasjonen om stillinga nedanfor og sende inn ein søknad.
Torsdag 8. mai vart Frigjerings- og veterandagen markert i Surnadal kommune og resten av landet. I år er det 80 år sidan dei tyske militære styrkane kapitulerte fullstendig, og andre verdskrig var slutt i Europa. Vêret var grått, men det var opphaldsvêr under sjølve markeringa.
Laurdag 10. mai klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Det er prost Vidar W. Rygh som er liturg under konfirmasjonsgudstenesta, medan Amund Valde er organist.
Onsdag kveld var det vårdugnad på skuleområdet ved Todalen oppvekstsenter. Her har nemleg Todalen Elveeigarlag og Todalen bøgdalag inngått leigeavtale med Surnadal kommune for å ha campingplass.
Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal inviterte til sesongopning med tur til nabokommunen Rindal og anlegget rundt Igltjønna. Tjueto spreke medlemmer møtte opp og vart med på seesongens første tur.
Torsdag 8. mai er det 80 år sidan alle tyske millitære styrkar kapitulerte og la ned våpena, og den andre verdenskrig var slutt i Europa. Dei tre historielaga i kommunen, Nordmøre Forsvarsforening og Surnadal kommunen har gjennom eit samarbeid laga eit fint program for årets markeringar av Frigjerings- og veterandagen ved kyrkjene i Åsskard, Stangvik og Todalen. I Todalen er markeringa klokka 20:00 ved bautaen utanfor kyrkja, og arrangørane oppfordrar folk til å møte opp for å vere med på markeringa.