Kva er dette?
Det lurar Jenny Klinge frå Nordvik på. Ho har nemleg fleire dagar den siste veka sett brune striper på fjorden, og lurer på kva dette er. Utover dagen i dag har stripene utvikla seg og vorte breiare kan Jenny fortelje.
Vi fann 2201 artiklar i dette arkivet.
Det lurar Jenny Klinge frå Nordvik på. Ho har nemleg fleire dagar den siste veka sett brune striper på fjorden, og lurer på kva dette er. Utover dagen i dag har stripene utvikla seg og vorte breiare kan Jenny fortelje.
Onsdag 25. september klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til medlemsmøte i lokala til Surnadal Frivilligsentral på Skei.
Laurdag 5. oktober inviterer Stangvik Grendalag til «haustpub» på Stangvikbryå ved Bondehuset i Stangvik. Grendalaget har tidligare arrangert både «påskepub» og «sommerpub» med stor suksess, så siden det no er tid for oktoberfestar rundt om, dreg de til med «haustpub på Stangvikbryå.
I vår har ein «kaffekrokens venner» kosa seg med å lage ved på Talgø gard. Og når vi seier kosa seg, så blir det sakt at det er meir sosialt samvær og tullprat enn arbeid, men når ein ser på mengden med ved som er fylt i store og små sekkar, så har det ikkje vore berre tullprat kan vi fastslå!
Torsdag inviterte Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i dag invitert til stavgang i Vindøradalen. I tillegg til dei tjue stavgangarane frå pensjonistlaget, var det torsdag også med seksten elevar frå Surnadal videregåande skule på tur.
Tysdag 17. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Tysdag prøver Fjellgruppa på nytt å kome seg til Vassdalen innst i Vindøldalen. Som kjent var det meininga å gå denne turen sist tysdag, men da var vêret for dårleg, så no prøvar dei på nytt og håpar på betre vêr.
Siri Skjerve og Toril Redalen sitt fellesprosjekt «Jordsmonn» er eitt av åtte prosjekt som til saman får 2,075 millionar kroner i tilskot frå Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Pengane skal gå til å skape arbeids-, visnings- og produksjonsfellesskap innan kulturell- og kreativ næring. Siri og Toril får 250.000 kroner i tilskot i tildelinga.
Søndag 15. september klokka 12:00 – 15:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til Jakt- og fiskeskole i Søyådalen, der temaet er mat på primus.
Tysdag hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag Invitert til fjelltur til Vassdalen. Men med regn og skodde langt ned i liene vart dei fjorten som trossa vêret og møtte opp, samde om å utsette den turen til ein dag med betre vêr.
Torsdag 12. september klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur i Vindøldalen.
Laurdag reiste ishockeyklubben Sagene Puck frå Rindal, forsterka med Hallvard Nordvik til Trondheim og Leangen ishall for å spele sesongens første ishockeyturnering. Vêret gav ikkje assosiasjonar til vinter med over 20 grader, men inne i Leangen ishall var det kaldt nok til at isen var skikkeleg glatt og fin.
Statens vegvesen melder at det på grunn av planlagt vedlikehald i Svinviktunnelen på fylkesveg 6145 torsdag 12. september frå klokka 10:00 – 21:00, vil det vere manuell dirigering gjennom tunnelen.