Kløvertur mellom elingane
Så vart det endeleg «restart» av Kløverturen. Utruleg kjekt å kome i gang att; godt å møtast og kunne gå tur i lag!
Vi fann 953 artiklar i dette arkivet.
Så vart det endeleg «restart» av Kløverturen. Utruleg kjekt å kome i gang att; godt å møtast og kunne gå tur i lag!
Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 4. mai. Oppmøte ved Hals/Matkorken og turstart kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Sanitetsforeininga starta opp med Kløvertur i februar 2017, og sidan har dette vore fast aktivitet for mange trimmarar måndag føremiddag. Det er ei kvardagsglede å gå tur i lag, få frisk luft og mosjon. Etter 5 turar vinteren 2020 vart det altså stopp på grunn av koronaviruset som herjar over heile verda.
På grunn av den spesielle situasjonen som har oppstått, vil nærbutikkane i Surnadal kommune starte med utkøyring av varer til folk som treng det. Det kan være folk som er i karantene eller som ønsker det av anna grunn, og gjeld altså Matkroken i Todalen, Matkroken i Bæverfjord og Bøfjord Samvirkelag. For den tenesta tek dei ein symbolsk sum av 50 kroner pr utkøyring – til dekning av kostnader med tenesta.
Todalen sanitetsforening melder: Det blir ikkje fotpleie i Todalen 23. og 24. mars.
Styret i Todalen sanitetsforening melder:
Alle fellesaktivitetar i Todalen sanitetsforening er avlyste i tida framover.
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 23.mars og tysdag 24. mars. Det er mange ledige timar båe desse to dagane.
Dagens Kløvertur starta frå Todalsøra og gjekk utover langs fjorden til Ansneset. Dette er eit fint og idyllisk område, og her er det fredeleg å gå tur; lite trafikk.
Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 9. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og samkjøring derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Da Kvinnehelsedagen til Sanitetskvinnene vart avlyst, og det ikkje vart noko å vise på storskjerm i Ungdomshuset, vart det i staden strikkekaffe. Her var det godt oppmøte, og det vart som vanleg ein triveleg laurdagsettermiddag i Sanitetshuset.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 7. mars i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00. Alle er velkomne! Det blir servering av rundstykke med godt pålegg, kaffe og te. Utlodding blir det også! VEL MØTT!
Norske kvinners sanitetsforening melder at Kvinnehelsedagen i Oslo er avlyst. Dermed blir også det planlagde arrangementet til Todalen sanitetsforening i Ungdomshuset 7. mars kl 11.00 AVLYST.