Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skialpinisme Arkiv

Vi fann 147 artiklar i dette arkivet.


Erik glimta til på heimebane i Dalalia

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. august 2025

Det var ingen som kunne truge med å slå Erik Kårvatn på laurdagens Kårvatn Skyrace 2025.  Det var einast vêrgudane som i morgontimane truga heile arrangementet med regn og kald vind. Den 29 km lange løypa vart avlyst, og deltakarane som var påmeld der, 28 i talet, vart overført til 15 km-løypa.  -Det var ikkje forsvarleg å sende folk oppi høgfjellet med slik vind og nedbørsmengd vi opplevde da, seier leiar i arrangørklubben Mette Sæter Ormset.


Endring i Kårvatn Skyrace 2025 på grunn av vêret

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. august 2025

Regn og skodde i høgfjellet fører til at Trollheimen fjellsportklubb må endre  programmet for Kårvatn Skyrace 2025.  Det vil seie at 29 km går ut og løparande blir overført til den 15 km lange løypa i lag med juniorane.  – Det er for resikabelt å sende løparane opp på snaufjellet i dette vêret, seier løpsleiar Halvor Drøpping.  Dermed går starten kl 10:00 for 29 km løypa ut og dei startande blir overført til starten for 15 km som går kl 11:30.  


Godt med påmelding til Kårvatn Skyrace 2025

Jon Olav Ørsal Fredag 15. august 2025

Det er godt med påmelding til Kårvatn Skyrace 2025, som går av stabelen laurdag 16. august.  Over 90 er påmeldt til løpet som går i 6 forskjellige trasear for forskjellige klassar.  Det er godt gjort av vi får så mange deltakarar slik som vêret har vore i dag, seier løpsleiar Halvor Drøpping som nok følgjer vêrmeldinga for morgondagen tett i dag og i kveld. 


Lørdag er det klart for Kårvatn Skyrace 2025

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. august 2025

Trollheimen fjellsportklubb er arrangør av Kårvatn Skyrace 2025, som går av stabelen lørdag 16. august med start frå gardstunet på Kårvatn.  Her kan du velge i 6 forskjellige distanser frå 2,5 km og opp til 29 km – litt etter alder og hvilket nivå du satser på.  Alt nå er det i skrivende stund påmeldt 58 deltakere før påmeldingen egentlig er kommet i gang.  Spesielt artig er det at det er veldig mange lokale deltakere som er påmeldt, så det ser ut til å bli en skikkelig fight i Dalalia denne dagen. 


Løyperekord – Aron var suveren i Meråker

Jon Olav Ørsal Måndag 4. august 2025

Aron Rodal Haugen sette ny løyperekord på 21 K fjellhalvmaraton på laurdagens Meråker Mountain Challenge 2025. Han kom inn på tiden 1:45:30, som er ny løyperekord. nr 2 vart Vemund Johnsborg på tida 1:57:10 og på tredjeplass Torleif Syrstad på tida 1:59:59.


8.-plass i Skyracing-VM for Isak

Jon Olav Ørsal Sundag 3. august 2025

Isak sikra seg i dag 8.-plassen i VM i Skyracing i Italia. I konkurranse med eit knapt førtitals deltakarar i sin klassa hamna han til slutt på ein 8.-plass og det er det nok god grunn til å være nøgd med i slikt selskap.  Det var i dag tidleg fellesstart for alle klassar kl 8.15 og det var fine forhold for dagens løp, med temperatur på 15-16 grader.


Isak på 6. plass i sin klasse i junior-VM i Italia

Jon Olav Ørsal Fredag 1. august 2025

Isak Drøpping deltek denne helga i junior-VM i Skyrunning i Italia.  Isak representerer Trollheimen fjellsportklubb, og er i Fonte Cerreto i Italia saman med ei gruppe på 18 løparar som er uttekne til å ta del i junior-VM i Noregs fargar.  I dag var det vertikal (rettare sagt motbakkeløp) som stod på programmet i den sterke varmen.  Her var det ingen som kunne slå spanjolen Biel Sagues Roviva som kom i mål på 37,30 – Isak kom på 6.-plass på tida 42,57  altså + 5,28.  Det er eit resultat som han bør være nøgd med i varmen som no rår i Italia. 


Sterke resultat frå Valldal og Mefjellet Opp 2025

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juli 2025

Laurdag vart Aron Rodal noregsmeister i motbakkeløp i juniorklassen. Han gjekk i mål på tida 46,21 som også heldt til 10.-plass totalt av 193 startande.  Isak Drøpping kom i mål på tida 49,04 og 3.-plass i juniorklassen.  Flott innsats frå «randogjengen» i Trollheimen fjellsportklubb!


Fire norske til kvartfinalen i randonee WC i Tromsø

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. april 2025

Norge stillte med 7 deltakarar i randonee-WC som skjer på heimebane i Tromsø i helga.  I dag var det sprint på programmet, og det var knytt stor spenning til resultatet av prologen der løparane skulle kvalifisere seg for å gå vidare i programmet.  4 av løparane gikk vidare til kvartfinalen, medan 3 gjekk ut.


God innsats i dagens individuelle i Puy-Saint-Vincent

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. mars 2025

I dagens individuelle konkurranse var det Aron Rodal Haugen som trekte det lengste strået, og han hamna til slutt på ein 7.-plass i klassen U18 Men.  Aron kom i mål på tida 55:08 (+4:44 til vinnartida til kinesaren Langjia Gongsong), men fekk 3 minutt i tillegg av ein eller anna grunn.


Mix-stafett i verdscupen i Puy-Saint-Vinsent i Frankrike

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. mars 2025

Juniorverdscupen i randonée går videre i Puy-Saint-Vinsent i Frankrike – i dag har det vore mix-stafett som har stått på programmet. Noreg stiller med 2 lag.  Aron Rodal HAUGEN / Elise Hjelset ANDERSEN er førstelaget, og Hampus Mack TRONVOLL / Ingfrid KLOKSET  er andrelaget. 


Til topps i tynn luft i Puy-Saint-Vinsent i Frankrike

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. mars 2025

I dag starta juniorverdenscupen i Puy-Saint-Vinsent i Frankrike.  Juniorlandslager har vore på plass for å aklimatisere seg.  Det ser ut som løparane har klart å tilpasse seg til tunn luft, for Aron viste sine kvalitetar og ginn inn på beste tid i finalen i klasse U18 men, dermed sikra seg seier.  Isak måtte melde sjukdomsforfall i dagens løp, men Hampus Tronvoll var nest beste nordmann i klassen med ein 12. plass .