Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim Arkiv

Vi fann 13 artiklar i dette arkivet.


Påskekrim 2026: Del 6 og avslutning

Guro Redalen Måndag 6. april 2026

I del 5 tok mysteriet av inne på Halsbua, og frukta byrja å ytre seg. No står vi ved døra til løysinga – eller noko som liknar. Det blir… fruktbart.


Påskekrim 2026: Del 5

Guro Redalen Sundag 5. april 2026

I del 4 dukka det opp ei ekkomaskin, meir lydfenomen og ei mystikk som har byrja å få puls. No er det 1. påskedag – og Halsbua står for tur som episenter for underleg aktivitet.


Påskekrim 2026: Del 4

Guro Redalen Laurdag 4. april 2026

I del 3 fekk vi høyre ukjente tonar, beverteoriar og teknologisk sjølvprat. Påskeaften er ikkje for dei svake – det er dagen der folk flest burde halde seg til egg og lam, men likevel endar opp i Øyalia på jakt etter lysglimt.


Påskekrim 2026: Del 3

Guro Redalen Fredag 3. april 2026

I del 2 av påskekrimmen vart fegis-frukt, wifi og menneskeleg psyke sett på prøve. Men i dag er det Langfredag, kjerringdilten krev sitt, og mysteriet har fått eiget liv. Set stavane i bakken og sansane i høgspenn.


Påskekrim 2026: Del 2

Guro Redalen Torsdag 2. april 2026

I del 1 av påskekrimmen fekk vi eit lite glimt av både fjørkunst, granbarchips og eit mystisk «plyst» frå Øyalia. Men ikkje la deg forføre av stilla mellom ekrene! For i dag er det Skjærtorsdag, og Todalen er like klar for dilt som for dramatikk. Set sansane på vibrering og ikkje stol for mykje på teknologien.


Påskekrim 2026: Del 1

Guro Redalen Onsdag 1. april 2026

Påskemorgon skal sløkke sorgen, men først skal vi løyse eit mysterium saman. Så det er berre å helle oppi meir kaffi i koppen, smøre dei små grå med rett farge Swix og snurre på Poirot‑barten – her kjem del 1 av årets påskekrim!


Påskekrim 2026 startar onsdag

Guro Redalen Måndag 30. mars 2026

I beit for lesestoff i påska? Frykt ikkje! Årets svært lokale påskekrim kjem her på todalen.no frå onsdag: «Operasjon Ekko – eller: Når fjellet er stille, svarar dalen»

Alt tyder på at årets mysterium inneheld merkelege plystringar, suspekt wifi, atmosfæresensorar på bærtur og eit par todalingar som tek både natur og teknologi på største alvor (utan å få fasiten av den grunn). Heng på!


Påskekrim 2025: del 6 og løysing

Guro Redalen Måndag 21. april 2025

Nok ei påske er på hell, og nok ein påskekrim er kome til løysinga. Om du sit igjen med like mange spørsmål som svar etter denne delen så er det heilt normalt. Noko må jo være slik som det aillvæg ha vårre. Eller?


Påskekrim 2025: del 5

Guro Redalen Sundag 20. april 2025

Påskekrimmen sine vegar er uransaklege. Det nærmar seg løysing og oppstandelse, men først må vi gå litt rundt grauten. For kven fann eigentleg på det å putte graut på bakels? Og kva er det med kanelmønster som puttar Sunndal i den? Smær, betre enn rømme? Og kva skjedde med risgrynsgrauten på laurdagen? Så mange spørsmål, så lite grautgravetid.


Påskekrim 2025: del 4

Guro Redalen Laurdag 19. april 2025

Jada, krimforfattaren veit at det ikkje er greit å la lesarane henge i lufta midt i ei setning og ikkje avslutte dagsepisoden. Men det blir ikkje lova noko bøt og betring på det. La oss ta opp tråden frå i går utan å tenkje for mykje på om abakle eigentleg er eit ord eller ein nedarva talefeil. For like naturleg som bakels og græt, kjøtt å påsse og ananas på pizza, var det å svinge innom Halsbua for ei påskelaurdagsoppdatering og etterfylling av påskeegget.


Påskekrim 2025: del 3

Guro Redalen Fredag 18. april 2025

Det er klar for del 3 av påskekrimmen. I dag med nystekt rapport frå Skihytta og fakta du ikkje viste du trong om familien Lægreid. For kanelsnurr-søget har knapt lagt seg etter gårsdagens vellukka dilt på flatmark, og i dag er det duka for ein til. Nemleg sjølve ur-dilten der det ikkje er omågjort å kome først, men å treffe idealtida. Det er på tide å la pokalen vandre!


Påskekrim 2025: del 2

Guro Redalen Torsdag 17. april 2025

I del 2 av påskekrimmen står draumen om vårteikna i kø ved bredda av elva. Men la deg ikkje bli bedøvd av tanken om pollen og søget frå Toåa, for skal mysteriet bli oppklart må alle sansar vere like krystallklår som ein Halling tikkje tå blæst´n.