Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2025

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.


71 grader nord – i kveld kjem episode 13 frå Todalshytta

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. oktober 2025

Den siste veka har det vore sending frå Stangvika der dei to laga konkurrerer på vegen innover til Toadal.  I episode 12 kom dei til Todalshytta.  I episode 13 på Todalshytta og i gapahuken på Tjønnmyran blir det overnatting.  Kva slags aktivitetar vi får sjå veit vi ikkje for det er hemmeleg til sendinga startar […]


Kurs i Nordmørspols i Todalstradisjon

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. oktober 2025

Den entusiastisk stordansaren Rune Hanem med fylje, kjem frå Meisingset til Todalen for å halde kurs i Todalspols. Han ynskjer no å lære frå seg denne fine dansen, som han sjølv fekk lære av polsdansarar frå Todala for mange år sidan. «Den har så mange gamle vendingar som ikkje finst lengre i nokon dans i landet», fortel Rune som ynskjer at nye generasjonar skal få lære denne polsen.


Inviterer til bokbad med Arild Staverum

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. oktober 2025

Måndag 13. oktober klokka 19:00 kjem Arild Stavrum til Surnadal bibliotek for å lansere sin nye roman «Ukyssede sko», ein drivande historisk roman om idrett, klasse, sjalusi og kjærleik! Vi inviterer til bokbad kor forfattaren blir intervjua av sin redaktør Kari Joynt.


Inviterer til gratis julefeiring på Hammerstuene

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. oktober 2025

Omsorgsgruppa i Surnadal Røde kors, i samarbeid med Hammerstuene og Martha Torvik, inviterer i år til gratis og rusfri lågterskeljulefeiring for absolutt alle, både einslege og familiar, på Hammerstuene onsdag 24. desember klokka 13:00 – 15:00.


Inviterer alle til 150-årsmarkering laurdag 22 november

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. oktober 2025

Todalen historielag inviterer laurdag 22. november klokka 18:00 alle til Todalen ungdomshus for å markere at det i år er 150 år sidan Nordmøres store spelemann Halvor O. Ørsal vart fødd. Halvor vart fødd den 22. desember i 1875.


Den farlege ryddeprosessen er igang

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. oktober 2025

Ordførar Hugo Pedersen åtvara mot at folk sjølve skal starte rydding av trefall etter stormen «Amy» som herja i helga.  I dag starta ryddearbeidet i stranda utafor Todalshaugen med mannskap frå Veidekke og Svorka som var forsterka med gravemaskin med tømmerklo og hogstmaskin/lastbærar med Lars Bjarne Mauset attafor spakane.


Kvanne – Rykkjem – begrensningar i tungtrafikken

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. oktober 2025

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Det er begrensa kapasitet for tungtransport inntil vidare, melder Fjord 1 tysdag 7. oktober klokka 8:30. Alt kl 9:00 meldes det om normal drift i sambandet!    


Kløvertur etter «Amy»

Dordi Jorunn Halle Måndag 6. oktober 2025

Stormen «Amy» herja i Todalen første helga i oktober. Men måndag 6. oktober var det stilt og godt turver.


Svorka oppsummerer etter straumbrota

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. oktober 2025

I ei pressemelding frå Svorka no på tidleg ettermiddag, får vi ei oppsummering av uvêret Amy sett frå Svorka sin ståstad. Det har utan tvil vore ei travel helg både for Svorka og S-Nett, men alle har stått på for at vi skal få att straumen. Det er berre å rette ein stor takk til både Svorka og S-Nett for jobben dei har gjort med straumnettet i helga! No ventar eit stort og omfattande arbeid med å reparere straumnettet etter Amy sine herjingar. Pressemeldinga les ein nedanfor: 


Inviterer til fellestur til «Treffasthytta» i Skeisnebba

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. oktober 2025

I samband med «Friluftlivets år», inviterer «Treffastgjengen» på Surnadal frivilligsentral fredag 10. oktober klokka 12:00 – 14:00 alle til felles fottur til «Treffasthytta» i Skeisnebba.   


Det toppar seg på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 5. oktober 2025

Utruleg sterk start på filmhausten på Surnadal kino, og no er filmklubben også i gang igjen. For å ta den eldste filmen først, nemleg den filmklubben viser onsdag 8. oktober klokka 12:00. 


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 5. oktober 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med tur!