Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2025

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.


Matkroken. Arkivfoto.

Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 12. oktober 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.


Problem med minnesidene.no

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. oktober 2025

Det har i nokre dagar vore problem med minnesidene.no der dødsannonsane blir lagt ut, eit problem som ser ut til vare nokre dagar til. Dette råkar mellom anna Vevang Gravferd ved at dei ikkje får lagt ut dødsannonsene på si minneside eller i avisene. 


Støggvers-kaffeslaberas

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. oktober 2025

Velkomn åt Skulstuå på støggvers-kaffeslaberas, laurdag 11. oktober frå kl.14. til 16. 
Enkel servering og leikekrok for dei minste


Det blir ei helg med mykje vêr …

Jon Olav Ørsal Fredag 10. oktober 2025

Etter kvart har vi vel vorte vant med farevarsel, og denne helga er det gult varsel for både mykje regn, flaumfare, jord- og flomskredfare og kartige vindkast. Utover ettermiddagen i dag har det regna jamt, og etter kvart har det og auka på med veståver.  Det har etter kvart ført til stor vassføring i heile […]


Todalen onsdag: – Kyrkjesongen lever!

Innsendt av Prosjekt 17 Fredag 10. oktober 2025

Songen fyller stadig kyrkjene. Onsdag inviterer koret Prosjekt 17 til salmejubileum og klassiske tonar i Todalen kyrkje.



Inviterer til «Hele Norge spiser ute»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 10. oktober 2025

Søndag 19. oktober mellom klokka 12:00 – 16:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til markering av Friluftslivets år gjennom arrangementet «Hele Norge spiser ute», på Mjølkesanden i Bøfjorden.


Open dag med haustmeny på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Fredag 10. oktober 2025

Etter ein hektisk sesong er det no på tide med ein open dag på hytta der vi vil presentere haustens nyheiter på Ala carte-menyen i restauranten som er open frå 15:00 til 19:00.  Vi har faktisk fått mykje positive tilbakemeldingar og gler oss til å ta deg med på ein kulinarisk dag i restauranten, seier Arve Evensen som saman med kona Cristy er vertskap på Todalshytta.


Stem på månadens bilete i september

Guro Redalen Torsdag 9. oktober 2025

Kven knipsa best i september? Frå humle til horn, fjordglød til nysnø – kandidatane til månadens bilete er like varierte som vareutsalet på bakrommet på Hals. Stem på din favoritt no, og bli med å kåre Todalens neste linse-legende!


Markerer «Verdensdagen for psykisk helse»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. oktober 2025

Fredag 10. oktober frå klokka 10:00 blir det lokal markering av «Verdensdagen for psykisk helse» på Surnadal frivilligsentral på Skei. Her blir det servert bakels og graut.


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 9. oktober 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 11. oktober i tidsrommet frå kl. 13:00 til kl. 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid!


Rydda turstien for rotvelter

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. oktober 2025

Hauststormen Amy laga litt av eit kaos i Toåa tursti, der stien går gjennom Gunnøyskogen.  Her var det mykje stor older som hadde gått overende og sperra for trafikk dei første dagane etter stormen.  Men gudmund Kvendset bretta opp ermane og sette i gang med oppryddingsarbeidet med motorsag.