Ytre Kunstfagskole på verkstadsbesøk i Todalen
I førre veke hadde Todalen besøk frå Ytre Kunstfagskole. Då dei i fjor var på eit dagsbesøk, vart opphaldet denne gongen eit meir fordjupande møte med staden. Besøket starta i Molde, der studentane fekk omvisning i utstillinga Doggerland av Siri Skjerve og Toril Redalen ved Møre og Romsdal Kunstsenter. Omvisninga var òg eit ope publikumsarrangement og danna eit naturleg utgangspunkt for vidare arbeid i Todalen.