Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2025

Vi fann 92 artiklar i dette arkivet.


Kom med brøytestikker – sommaren er på hell

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. september 2025

I dag fekk vi det synlege beviset på at sommaren er på hell.  Jenstad Maskin har jobben med å sette ut brøytestikker her i området på oppdrag frå Veidekke.  I løpet av dagen kjem nok det meste av brøytestikkene på plass på FV 6145 inn til Todalen og nedover til Todalsøra og FV 6146 frå Kvennset til Bruset og FV 6148 frå Bruset og nedover til Halsabrua. 


Den nye pergolaen ved Surnadal sjukeheim offisielt opna

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. september 2025

Venneforeninga ved Surnadal sjukeheim, som i mars skifta namn frå Pårørandeforeninga, har ved hjelp av innsamla midlar og dugnadar, fått sett opp ein pergola ved Surnadal sjukeheim. I strålande sommarvêr og sol, var det tysdag offisiell opning av den nye pergolaen. Venneforeninga håper pergolaen blir til stor glede for bebuarane, pårørande og dei tilsette ved Surnadal sjukeheim.


Sanitetsforeninga melder: Nytt kunstlotteri

Dordi Jorunn Halle Tysdag 2. september 2025

Todalen sanitetsforeninga minner om at salg av lodd på tre fine akvarellar av Hilde Karlsen held fram. Dette er årets kunstlotteri, og trekking av bileta blir på årsmøtet i 2026.


Fin tur for Fjellgruppa til Tifjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. september 2025

Det vart ein fin tur i skikkeleg godt sommarvêr med høgt terreng da Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal tysdag tok turen til Rindal og Tifjellet. 


Inviterer til lagseriestemne tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. september 2025

Tysdag 2. september inviterer Todalen Idrettslag alle Todalingar og alle andre i Stangvik skulekrins til lagseriestemne på Bordholmen stadion. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing. 


Stavgangarane tek turen til Krokvatnet torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. september 2025

Torsdag 4. september inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Krokvatnet. Oppmøte ved Dønnheim bedehus klokka 11:00 for samkøyring.


Kløvertur i Kavlvegen kultursti

Dordi Jorunn Halle Måndag 1. september 2025

Første september var det retteleg godt og lagleg ver for kløvertur; – sol og god temperatur. Hausten har alt sett si farge på myra oppå Eia, – det vart ein riktig så fin turdag!


ReMidt sin tømmekalender for september og oktober lagt ut

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 1. september 2025

Da har vi, litt forsenka, lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for september og oktober 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for november og desember 2025 blir lagt ut i måadsskiftet oktober/november.