Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2025

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


Inviterer til lagseriestemne tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. september 2025

Tysdag 16. september inviterer Todalen Idrettslag alle Todalingar og alle andre i Stangvik skulekrins til lagseriestemne på Bordholmen stadion. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing. 


Har ordna seg med hobby på høgt nivå

Jon Olav Ørsal Måndag 15. september 2025

Torgeir Mikkelsen og Jan Nordvik Bruset har orna seg med ein skikkeleg hobby, og vart faktisk norgesmeistrar da deltok i NM i bygging av lydanlegg. Dei sikra seg 2 førsteplassar, 1 andreplass og 2 tredjeplassar da dei deltok i NM som var avvikla på Norsk Vegmuseum på Lillehammer. Dei kallar seg «Team Vaskapukk»


Trimgruppa prisa finvêret med bakelsfest på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Sundag 14. september 2025

Trimgruppa i Todalen idrettslag inviterte søndag til bakelsfest på Tjønnmyran.  3-4 bakeljarn gjekk på full fres med bakelsproduksjon til dei 60-70 gjestane som stakk innom til nykoka kaffe og nystekte bakels med graut. 


Gudsteneste med presentasjon av neste års konfirmantar i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 14. september 2025

Søndag inviterte Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Under gudstenesta vart dei fire Todalingane som skal konfirmerast i mai neste år presentert. Liturg søndag var Pål Arne Winsnes, Torbjørn Brøske var assisterande liturg, Rannveig Brøske var klokkar og Oddveig H. Halle var organist. 


Solnedgang fra Snøfjellet månadens bilete i august

Guro Redalen Sundag 14. september 2025

Alfred Kvendset fanga solnedgangen frå Snøfjellet, og gjekk av med sigeren i månadens bilete i august! No er september her med haustlys og gyllent lauv, og kanskje er det du som fangar det beste blinkskotet i september?


Inviterer til åpent møte med foredrag

Jon Olav Ørsal Sundag 14. september 2025

Surnadal demensforening og helselag inviterer til åpent møte Surnadal sjukeheim, kantina onsdag 17. september kl 18:00, da kommer Anna Marie og Karl Laugsand på besøk.


KløverRUSLEtur med servering

Dordi Jorunn Halle Laurdag 13. september 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til rusletur/kløvertur måndag 15. september. Oppmøte ved Sanitetshuset.


Bøt&bedring i Skulstuå i Todalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. september 2025

Torsdag 18.september kl.18 startar vi oppatt med bøt & bedring oppi Skulstuå.  Ta fram «hållåte» og slitte klede som treng å bli bøtt. Kortstokken er nyblanda og klar for eit slag amerikaner.


Bli med fjellgruppa til Naustådalsetra

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 13. september 2025

Tysdag 16. september inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal sine medlemmer og andre til ny fjelltur. Denne gongen er målet Naustådalsetra. 


Stavgangarane med fin tur til Vindøladalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. september 2025

Torsdagens inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Vindøldalen. – Kraftige vindkast, men med 20 grader i september, gjorde at det vart ein fin tur, fortel Wenche Ø. Kvendset i Stavganggruppa. 


Inviterer til sosialt samvær på Tjønnmyran

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. september 2025

Søndag 14. september frå klokka 12:00 – 14:00 inviterer Trimgruppa i Todalen Idrettslag til sosialt samvær på Tjønnmyran. Da serverer Trimgruppa kaffe og bakels med graut. 


Byr på song- og musikkveld i Eidet bedehus

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. september 2025

Fredag kveld, den 12. september, byr Normisjon og Misjonssambandet på Song- og musikkveld i Eidet bedehus.  Arrangementet startar kl 18:00 og byr på både solosong, allsong, musikk, kåseri, dikt og andakt m.m.   Det blir mange bidragsytarar, – vi kan nemne Oddveig Helset Halle, Svein Volle, Vidar Rygh med fleire.