Fjellgruppa prisa finvêret med tur til Svarthatten
Dei gode værvarsla slo til tirsdag da målet for turen var Svarthatten, grensefjell mellom Rindal og Orkland. Det var ein lettgått tur i eit terreng som breia seg ut i all si prakt i godværet, da ein liten reinflokk helsa på oss i den siste skogkanten. Det vart litt tyngre opp den siste bratte delen til toppen, men kva gjorde det når belønninga vart den vide utsikta på toppen.