Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2025

Vi fann 79 artiklar i dette arkivet.


Fin Fjellgruppatur til Klåberget

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. juni 2025

Første tysdagen i juni inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Klåberget. – Værgudane viste seg frå si beste side slik meteorologane lovte da vi starta frå parkeringsplassen ved Røen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.


Straumbrot i Surnadal og Heim

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. juni 2025

Det er straumbrot i Surnadal og heim – det skjedde kl 20:20, og vi har foreløpig ingen info om kva som er årsak.  Oppdatert:  straumen kom att kl 20:49, men breibandleveransen kom att litt seinare.  Kl 22 melder Svorka at dei har normal drift igjen etter straumbrotet som ramma midt-Norge.


Inviterer til lagseriestemne onsdag 11. juni

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. juni 2025

Onsdag 12. juni inviterer Todalen Idrettslag alle todalingar, nordvikgardingar og alle andre til lagseriestemne på Bordholmen stadion onsdag 11. juni klokka 18:00. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing. 


Stavgangarane går Svinvikrunden torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. juni 2025

Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal inviterer til stavgangtur i Svinvikrunden torsdag 5. juni klokka 11:00. 


Digitalt pizzalotteri

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. juni 2025

I dag startar Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt digitale pizzalotteri, der dei loddar ut 5 gavekort på valfri pizza frå YX i Surnadal. Kvart lodd kostar kroner 20,- og kan kjøpast på Vipps 527926. Trekninga skjer fredag 6. juni klokka 20:00, så da kan dei heldige vinnarane eventuelt kose seg med pizza i pinsa! 


På iskanten 78 gr nord månadens bilete i april

Guro Redalen Sundag 1. juni 2025

Breaking news frå april… i juni! Gratulerer til Anne Søyset, som med det gnistrande biletet På iskanten – 78° nord vart kåra til månadens bilete for april.


Kløvertur til Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 1. juni 2025

Todalen sanitetsforeninga inviterer til ny kløvertur måndag 26. mai. Oppmøte ved Matkroken Todalen og start derifrå klokka 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!