Her blir det nytt tak
Den siste veka har det foregått forebuing til taklegging i Nilsstua på Husby. Det gamle torvtaket har «stått sitt høgst» og var modent for utskifting. Etter kvart har det vorte lekkasjar både her og der, og det vart etter kvart behov for eit skifte. Det er eit utruleg stort tak – 300 m2 – der ein var nødd til å fjerne den gamle torva før ein kunne legge nytt torvtak, fortel Eirik Husby, som er prosjektleiar for nytt tak.