Mange kom på «påskequiz»
Onsdag kveld inviterte Todalen bøgdalag til «påskequiz» i Todalen ungdomshus, og mange responderte på invitasjonen og tok turen til ungdomshuset.
Vi fann 81 artiklar i dette arkivet.
Onsdag kveld inviterte Todalen bøgdalag til «påskequiz» i Todalen ungdomshus, og mange responderte på invitasjonen og tok turen til ungdomshuset.
Skjærtorsdag 17. april er det klart for Gunnøydilten i Toåa tursti, med start frå Bønnavollan eller Halsabrua i tidsrommet 12 – 15. TILs trimgruppe har base ved gapahuken i Båthølen, der det blir sal av kaffe, kaker, pølser og brus.
Fredag 18. april (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for vinteranlegg og skihytta til den tradisjonelle Kjerringdilten på skihytta. Vêrmeldinga på yr.no seier akkurat no at det skal bli fint vêr med over ti plussgrader.
Tysdag kvled hadde Nordvik grendalag invitert til den tradisjonelle påskebasaren i Nordvik forsamlingshus. Og det vart skikkeleg basarsøg i forsamlingshuset tysdag kveld.
Påskemorgon skal slukke sorgen, men først skal vi løyse eit mysterie saman. Så det er berre å helle oppi meir kaffi i koppen, smøre hjarnecellene med rett farge Swix og snurre på Poirot-barten – her kjem nemleg del 1 av årets påskekrim!
Frode Grønmyr gjekk til topps i konkurransen om «Årets bilete» i Todalen.no. Med biletet «Nordlys over Romådalen» sikra han seg førstepremien som var ei innrama forstørring av det flotte biletet. Det var styreleiar Stig Husby i Todalen.no som overrekte premien på årsmøtet til Todalen.no, og han sa at det var eit bilete som utmerka seg i konkurransen, der dei 12 månadsvinnarane var kandidatar i avstemminga om årets bilete.
Du trudde kanskje ikke det vart påskekrim i år? Nåh-nei, frå og med i morgon (onsdag) kjem det tradisjonen tru eit nytt svært lokal og kortreist mysterie med tittelen «Ugler i Sunndalsgrauten – og anna krydder i klisterføret».
Anne Søyset er fotografen bak det beste innsendte bilete i mars her på todalen.no, og det med solnedgang over Godøya som motiv. Vi gratulerer!
Todalshytta har ope 3 dagar denne påskehelga – tysdag 15. , fredag 18. og til slutt påskeaften laurdag 19. april. Bestill gjerne på forhand til SMS/telefon 929 97 550
Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka tysdag 15. april klokka 18:00. Vanlege årsmøtesaker, statistikkar, utdeling av «årets bilde» og enkel servering.
Søndag kveld var det husbasar i Ungdomshuset, og der var det stort oppmøte og god basarstemning. Det er artig å arrangere basar igjen når det er så bra oppmøte, sa komiteleiar Bjørn Gunnar Ansnes. Det har og vore bra loddsal på førehandssalet, og totalt kom loddsalet opp mot 25.000. I tillegg kjem åresal og sal av kaffe og bakels, så vi er godt nøgde med resaultatet, sa Ansnes.
I dag gjekk sesongen i mål for randoneelandslaget – arrangementet har foregått over 3 dager i Tromsø, og etter dagens individuelle konkurranse vart det altså slege sluttstrek for 24/25-sesongen. I dagens konkurranse gjorde Ida Waldal og Trym Dalset Lødøen sterke løp, og sikra kvar sin 12.-plass. I Lødøens klasse var det 72 deltakar – derav 9 deltakarar frå det norske raandoneemiljøet