Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2025

Vi fann 82 artiklar i dette arkivet.


Strikkekaffe og triveleg ettermiddag i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Laurdag 15. mars 2025

Laurdag 15. mars var ein ideell dag for arrangement innomhus; ute regna det «gamle kjerringar» og med kraftig vind i kasta. Men i Sanitetshuset var det lunt og triveleg.


Stor interesse for poding av frukttre

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. mars 2025

Det var stor interesse for å lære om poding av frukttre, da Svinviks Arboret arrangerte podekurs laurdag ettermiddag.  Det kom faktisk eit trettitals deltakarar både frå fjern og nær for å ta del i kurset som faktisk har vorte ein årleg happening i arboretet.  Instruktørane på kurset var Sven Olav Svinvik, Ola Bruset, og den nye museumsgartnaren Patrik Nilsen.


Bøt og betring i Skulstuå igjen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. mars 2025

Det blir igjen «bøt og betring» i Skulstuå, tysdag 18.mars kl.18.  Triveleg treffstad for å slå av ein prat samstundes som ein får bøta klede, som  får lengre levetid. Igjen ein kveld der berekraft har fokus:)  Spelekroken er og klar med kort, yatzy og kinasjakk.  Sal av kaffe og gode kaker. Venner av Skulstuå ynskjer alle […]


Alti fekk «Bærekraftprisen» for andre år på rad

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 14. mars 2025

I ei pressemelding frå Alti no på tidleg ettermiddag, får vi vite at Alti har fått «Bærekraftprisen» for andre år på rad. Prisen vart utdelt på Retail Arena i går kveld. Retail Arena er Norges største konferanse for handel. Under konferansen fekk altså Alti Forvaltning/Aurora Eiendom tildelt «Bærekraftprisen». 


Salmekonsert i Todalen – Klassisk og folkeleg

Innsendt av styret i P17-koret Fredag 14. mars 2025

Salmekonsertar fyller mange av landets kyrkjer for tida. Som lokal pådrivar inviterer koret P17 onsdag til songkveld i Todalen kyrkje.  – Her svingar det stilmessig frå bedehus og søndagsskule til Mozart og Beethoven, seier styret i koret.  


Eirik Gudmundsen takkar av – Lisbeth Thorsø tek over leiarklubba

Jon Olav Ørsal Fredag 14. mars 2025

Tysdag kveld hadde KNT – Kristiansund- og Nordmøre Turistforening sitt årsmøte i Kristiansund.  Foruten vanlege årsmøtesaker var det tid for skifte av leiar som stod på agendaen – etter 28 år med leiarklubba så nytta Eirik Gudmundsen høvet til å takke av frå dette vervet.


Meld inn aktivitetar til «Aktivitetskalender Surnadal 2025»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. mars 2025

I siste halvdel av mai blir den 13. utgåva av Surnadalsmagasinet distribuert til alle husstandane i Surnadal, Rindal, Sunndal, Tingvoll, Heim, Aure, Smøla, Orkland, Rennebu, Oppdal og Kristiansund kommunar. I år er første gongen magasinet også blir distribuert i Kristiansund. 


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 13. mars 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 15. mars tida frå kl. 13:00 til 16:00. 


Forfattarmøte med Arill Riise og boka hans «Der ingen var einsam»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 12. mars 2025

Surnadal bibliotek inviterer onsdag 19. mars klokka 19:30 til spennande forfattarmøte med TV-profilen Arill Riise i Surnadal frivilligsentral sine lokaler i Fiskegården på Skei. Det er gratis inngang, og det blir høve til å kjøpa signerte utgåver av Arill Riise si bok «Der ingen var einsam». 


Fotpleie i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 12. mars 2025

No er det tid for ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie tysdag 18. mars.


Stor gospelhelg på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. mars 2025

Søndag 16. mars kjem gospelkoret Gospelexplosion frå Trondheim med sine seksti medlemmer og dirigent Leif Ingvald Skaug på besøk til Ranes og Stangvik kyrkjer. Her blir det feiande flotte rytmar, skikkelig «sørstatsgospel» og gode moglegheiter for «sing-along» (allsang).