Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2025

Vi fann 82 artiklar i dette arkivet.


Fullstendig sakliste til årsmøtet klar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. mars 2025

Todalen bøgdalag gjennomfører sitt årsmøte torsdag 27. mars klokka 20:00 i Todalen ungdomshus. No er den fullstendige saklista til årsmøtet klar, og den kan ein sjå nedanfor.


Du må stå i stormen og være positiv…

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. mars 2025

Onsdag var Reidar Almås i kulturhuset og heldt foredrag for Indre Nordmøre Senioruniversitet. Tema han tok for seg var: «Bygda – slik ho var, slik ho er og slik ho kan bli».  Eit veldig aktuelt tema, etter som vi ser at folketalet går ned i mange av bygdene og kommunane slit med økonomien og står i fare for å hamne på ROBEK-lista.


Inviterer til medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. mars 2025

Pensjonistforbundet Surnadal inviterer til medlemsmøte onsdag 26. mars klokka 15:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei.


Målprisen til Astrid Asheim Aubert

Dordi Jorunn Halle Tysdag 18. mars 2025

Melding frå Nordmøre Mållag:

På årsmøtet i Nordmøre Mållag laurdag 15. mars mottok Astrid A. Aubert Målprisen for 2024.


Bøtarkveld med hyggeleg overrasking

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. mars 2025

Tysdag kveld var det bøt og betring i Skulstuå igjen, og slik som sist var det ymse aktivitetar for dei som møtte opp.  Ein bøtargjeng bruka stoppnåla og prøva seg fram med stopping og resparasjon for gjenbruk som no er topp moderne.  Elles var det både Yatzy og «Amerikaner» og faktisk var det ogs kaffelag med mykje godt attåt.  Og så var det ei stor overrasking….


Er det du som har mista bolten?

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. mars 2025

Denne bolten vart funne i vegkanten ved Lauvåbrua.  Den ser ut til å ha høyrt til eit eller anna traktorreiskap – f.eks. brøyteutstyr eller liknande.  Den er fotografert saman med ei fyrstikkeske for å illustrere størrelsen.  Ta kontakt med vår redaksjon så får du den att – og slepp å kjøpe ny! ..og eigaren meldte […]


Sanitetshuset – nyoppussa kjøkken i mål

Jon Olav Ørsal Måndag 17. mars 2025

Møterommet som er ein del av Sanitetshuset har fått ei skikkeleg oppfiffing – i fjor fekk møterommet ein facelift, med nytt golv og nye fargar på veggane. I tillegg vart det nye møblar og nye gardiner – og nytt audiovisuelt utstyr med breiband og storskjerm på veggen.  No var det kjøkkenet som stod for tur, og no på nyåret har Magne Søyset og John Moe jobba med dette prosjektet. 


Kløverturar i mars

Dordi Jorunn Halle Måndag 17. mars 2025

Veret i mars er lunefullt; vinter og vår om ein annan. Tre kløverturar med alt frå strålande sol til plaskregn og vind.


Svingande rytmer og godlyd på gospelkonserten

Jon Olav Ørsal Måndag 17. mars 2025

Det svinga frå fotballpausemuikk til gudstenestemusikk da gospelkoret Gospel Explosion Trondheim gjesta Stangvik kyrkje med sin konsert i går kveld. Tilsaman var det eit 50-tals korsongarar som deltok i korsongen i kyrkja og du verden det var flott å være tilhørar – her var det berre å nyte korsongen i langdrag. 


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 16. mars 2025

Todalen sanitetsforening melder at måndag 17. mars er det kløvertur i Toåa tursti. Oppmøte ved Matkroken og start derifå kl. 11:00. 



Sterkt resultat for Erik i sprinten i Schladming

Jon Olav Ørsal Sundag 16. mars 2025

I helga har det vore WorldCup-satsing for landslaget i randonee – laurdag var det sprint som stod på programmet, og det vart ein stor dag for dei norske deltakarane klarte å kvalifisere seg til kvartfinalen.  I klasse menn senior deltok Hans Inge Klette (13.-plass), Erik Kårvatn (24.-plass)  og Trym Dalset Lødøen (28.-plass) – her var det 76 deltakarar. I dameklassen startet Ida Waldal, som hamna på ein 37.-plass og kom ikkje med vidare.