Ansnesvegen – pass deg for synkehol!
På den kommunale Ansnesvegen – rett utafor Todalsøra – er det eit synkehol i vegen. Det ligg midt på vegen ved Innerbaugen, og kan være skummelt både for bilar og syklistar – og ikkje minst for fotgjengarar.
Vi fann 82 artiklar i dette arkivet.
På den kommunale Ansnesvegen – rett utafor Todalsøra – er det eit synkehol i vegen. Det ligg midt på vegen ved Innerbaugen, og kan være skummelt både for bilar og syklistar – og ikkje minst for fotgjengarar.
Meir tørrvittig finsk humor, kombinert med grå kvardagsrealisme, i filmklubben på onsdag. Filmklubben viste finske Aki Kaurismäkis siste film, «Høstgule blader», i haust, og trass i ein solid dose traudig innhald, slo filmen godt an. Difor blir også Kaurismâkis nest siste film, «Den andre siden av håpet» frå 2007 vist vist det onsdag 2. april klokka 12:00
– Til gagn og glede for eiga grend og grannelag og fjerne land og folkeslag … Same kvar dei kom i verda, var todalsfolket med på ferda. Samanhengande aktivitet i 180 år – nordmørsrekord? Todalen Misjonsforening markerte jubileum i fullsett Eidet Bedehus laurdag.
Sokneprest Pål Arne Winsnes ga uhemma skryt for salmesongen under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje. Eit førtitals tilhøyrarar stod for samlesongen saman med ei gruppa frå P17-koret som deltok som forsongarar. Dagens gudsteneste vart TV-overført via YouTube, og dersom du vil sjå gudstenesta kan du berre gå til linken her.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 31. mars. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Aron Rodal Haugen rundet av årets juniorverdscup med 3.-plass og bronse i dagens vertikal i Puy-Saint Vincent i Frankrike. I klassen U18 men kom Aron i mål på 16:28 som er +0:23 etter Langjia Gongsong frå China som fekk beste tid på 16:05. Nest beste norsk vart Iver Holen med 18:06 og +2:01.
Tirsdagsklubben i samarbeid med Frivilligsentralen arrangerer Påskeverksted tirsdag 1.april kl 11 på Frivilligsentralen. Vi maler på egg mm, vi serverer omelett med noe godt i og noe godt til kaffen vil det også bli. Alle er velkomne!
Natt til søndag 30. mars går vi over frå normaltid til sommartid. Det skje midt på natta, klokka 02:00 når klokka stilles fram til klokka 03:00 til sommartid. Ein enkel hugseregel for stilling av klokka er at den alltid skal stillast mot sommaren. Om våren stilles den fram mot sommaren og om hausten attende mot […]
Da kan det være dine briller som i dag vart funne i Øyalia, på den øverste snauplassen ved Skarvøymyra. Brillene kan du få att på Matkroken Todalen i opningstida. Laurdag er det ope til kl 16, søndag er det ope i tidsrommet 16:00 – 18:00 og måndag frå kl 09:00.
I dagens individuelle konkurranse var det Aron Rodal Haugen som trekte det lengste strået, og han hamna til slutt på ein 7.-plass i klassen U18 Men. Aron kom i mål på tida 55:08 (+4:44 til vinnartida til kinesaren Langjia Gongsong), men fekk 3 minutt i tillegg av ein eller anna grunn.
Todalen Sokneråd inviterer søndag 30. mars klokka 11:00 til gudsteneste i Todalen kyrkje. Her blir det mykje song og musikk, og det skal syngast kjende og kjære songar, seier sokneprest Pål Arne Winsnes.
Torsdag kveld hadde Surnadal Golfklubb kalla inn til årsmøte, og atten medlemmer møtte opp. Her vart ei fyldig årsmelding for 2024, saman med årsrekneskapen for 2024 vedtekne.