Test av naudvarsel onsdag
Onsdag 8. januar klokka 12:00 blir Naudvarsel på mobil og varslingsanlegga til Sivilforsvaret testa over heile landet. Dette er altså berre ein test, så ein treng ikkje foreta seg noko.
Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.
Onsdag 8. januar klokka 12:00 blir Naudvarsel på mobil og varslingsanlegga til Sivilforsvaret testa over heile landet. Dette er altså berre ein test, så ein treng ikkje foreta seg noko.
I dag er det to biler som har hamna i grøfta mellom Nordvik og Svinvika. Sist var det ein distribusjonsbil som hamna i grøfta utmed Bleikhammaren – eit par hundre meter utafor Svinviks arboret. I dag tidleg var det ein personbil som hamna i grøfta nærmare Nordvik. Årsak til begge utforkjøringane er no at bilane er komne for langt ut på kanten, slik at kanten har svikta.
I dag vart det siste toppisdekket på skeiseisen på det nye nærmiljøanlegget til Todalen Idrettslag på Bordholmen stadion lagt, og Finn Ranes i dugnadsgjengen for skeiseis kan melde om fine forhold for å gå på skeiser, så da er det berre å ta fram skeisene og ta i bruk det nye nærmiljøanlegget.
Trollheimen fjellsportklubb gjorde ein skikkeleg medaljehaust under dagens dagens sprintprolog. I dag var det Aron Rodal Haugen som sikra seg gullmedalja i klasse Menn U18, medan Isak Drøpping kom på andreplass og sølvmedalje. Aron kom inn på beste tid 13:22, medan Isak fikk tillegg 0:27 og altså nest beste tid. På 3.-plass kom Selmer Helgeland frå Buvik IL med + 1:24.
Før vi kan la 2024 gå inn i historiebøkene må vi ta ein kik på dei innsendte bidraga til dagens bilete i desember. Svært gode kandidatar er som alltid valt ut av fagjuryen, så då er det berre å gjere seg klar for røystinga.
Trollheimen fjellsportklubb stilte med 3 deltakarar på NM i randonee i Myrkedalen på Voss. Deltakinga vart desverre prega av kansellerte fly på grunn av vêrtilhøva dei siste dagane. Veldig synd for arrangementet, for arrangøren har gjort ein kjempejobb og fått på plass flotte løyper, fortel Halvor Drøpping frå Trollheimen Fjellsportklubb. Dei tre deltakarane frå Trollheimen Fjellsportklubb viste at dei har forma inne, for Isak Drøpping sikra seg 1.plass og Aron Rodal Haugen 2.-plassen i Menn U18, medan Erik Kårvatn sikra seg 4.-plassen i Menn senior.
Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for januar og februar 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for mars og april 2025 blir lagt ut i måadsskiftet feburar/mars.
Fredag var det utfall for lysanlegget i halvparten av Svinvikstunnelen. Frå møteplassen som ligg cirka midt i tunnelen og heilt ut på Svinviksida er lysanlegget heilt svart. Vi veit ikkje kva som er orsaka til dette – om det er tilfeldig feil eller om det har noko å gjera med ekstremvêret vi hadde sist natt.
Gode nyheiter frå Surnadal alpinsenter – frå laurdag opnar anlegget heilt til topps. Fram til no har anlegget vore ope til mast 7, men snøfallet dei siste dagane har gjort det muleg å preparere anlegget heilt til topps, så frå laurdag kan du altså ta heisen heilt til topps og nye nedkjøringa gjennom heile anlegget.
Surnadal demensforening og helselag inviterer eldre i Surnadal til nyttårsfest på Thon Hotell Surnadal. Det skjer Torsdag 23. januar kl 17:00, og leiar Liv Botten ber om påmelding på telefon 957 29 719 seinast onsdag 15. januar.
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem har vore ute av trafikk tidlegare denne morgonen, og melder no kl 7:01 at «Grunna dårlig ver vert sambandet fortsatt innstilt inntil vidare.» Kl 07:51 melder Fjord1 om normal drift igjen på strekninga Kvanne – Rykkjem.
Året 2025 er friluftslivets år, og målet er å inspirere alle til å vere meir ute i naturen, oppdage og ta vare på nærnaturen, invitere andre til å bli med ut på tur og prøve ut nye friluftsaktivitetar.