Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2025

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


Planlagte gudstenester fram til sommaren

Jon Olav Ørsal Måndag 13. januar 2025

Frå Todalen sokneråd har vi fått ein oversikt over gudstenester som er planlagt fram til sommaren – tilsaman er det 6 gudstenester i perioden fram til 15. juni.  Det er vanleg gudsteneste på søndagane 2. februar, 30. mars og 15. juni.  I tillegg er det friluftsgudsteneste 2. påskedag (21. april), konfirmasjonsgudsteneste laurdag 10. mai og gudsteneste 17. mai i tilknyting til feiring av  nasjonaldagen


Utvidar kinotilbodet.

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. januar 2025

No blir det også film på laurdagane på Surnadal kino. Dette skjer ved at Filmklubben nokre veker framover utvidar og viser filmar på laurdag klokka 12:00. Filmklubben gir eit tilbod som skal supplere kinotilbodet med å vise gamle filmar, eller nyare filmar som kinoen ikkje har vist. Dei som arbeider på dagtid har ikkje fått tilgang til dette tilbodet, så no prøver Seniorfilmklubben seg litt fram med tre laurdagsfilmar i tillegg til dei faste visingane på onsdagane.


Tek kontroll på isen utover stranda

Jon Olav Ørsal Måndag 13. januar 2025

Ranes Maskin ryddar plass til isen utover stranda frå Drivhammaren og utover i retning Hjellneskrysset.  I den kalde perioden som har vore den siste tida har det samla seg opp utruleg mykje is, og i dag er Geir Magne Bredesen frå Ranes Maskin i gang med å rydde vekk isen.


Bli med ut på trim

Jon Olav Ørsal Sundag 12. januar 2025

Det er Elinor Bolme – leiar i Todalen Idrettslag – som oppfordrar til å bli med ut i frisk luft.  – Vi trefte Elinor saman med elghunden Sako i Toåa tursti søndag ettermiddag. Elinor reklamerer med kjempefine forhold for trim både i Toåa tursti og i lysløypa på Tjønnmyran. 


Morgenstemning månadens bilete i desember

Guro Redalen Sundag 12. januar 2025

Det var jamt i toppen, men Morgenstemning og fotograf Bjørn Kvendset tok sigeren og kan krone seg med tittelen beste dagens bilete i desember. Gratulerer! 


Gratis nyttårsfest for eldre

Jon Olav Ørsal Sundag 12. januar 2025

Surnadal demensforening og helselag inviterer eldre til nyttårsfest på Thon Hotell Surnadal.  Det skjer Torsdag 23. januar kl 17:00, og leiar Liv Botten ber om påmelding på telefon 957 29 719 seinast onsdag 15. januar



Strikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Fredag 10. januar 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 11. januar i tidsrommet 13:00 – 16:00. 


Surnadal Pensjonistlag kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. januar 2025

Surnadal Pensjonistlag kallar inn til årsmøte onsdag 29. januar klokka 15:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral på Skei. Dagsorden for årsmøtet i pensjonistlaget finn ein nedanfor: 


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. januar 2025

Styret i Surnadal Arbeiderparti kallar inn til årsmøte onsdag 12. februar klokka 19:00 i kommunestyresalen på Surnadal kommunehus. Vanlege årsmøtesaker, loddsal og enkel servering. 


IL Søya kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. januar 2025

Styret i Idrettslaget Søya kallar inn medlemmane til årsmøte måndag 3. mars klokka 20:00. Årsmøtet blir avvikla i idrettslaget sitt klubbhus ved Søyabanen.  


Kjør forsiktig – hjorten kjem brått på!

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. januar 2025

Etter det siste snøfallet er det ein del snø langs vegane.  Spesielt er det slik trafikk der hjorten blir tiltrekt av siloballar eller andre ting som fristar.  Hjorten kjem fort det lønner seg å være oppmerksom  og førebudd når du passerer med bil.  Dei siste dagane har det vore fleire hjortar i Evja nedafor Husby, men det er også andre plassar der det ferdast mykje hjort.