Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2025

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. januar 2025

Fredag 31. desember frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til årets første bakeriutsal. Som vanleg vil det vere mogleg å få kjøpt både grovbakst og noko godt til helgakaffen i bakeriutsalet hos Lia gard. 


Inviterer til «felles middag» onsdag 29. januar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. januar 2025

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 29. januar klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir servert kjøttpølse, potetstappe og løkfeite.


Kaffeslabberas i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Sundag 26. januar 2025

Venner av Skulstuå inviterer alle til kaffeslabberas i Skulstuå søndag 9. februar 12:00 – 16:00.  Kom å feir sola og mora. 


Randosatsing med World Cup i Andorra

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. januar 2025

Denne helga er det lokale kjendiser som er på utror til dei italienske alper for å delta i WC i randonee.  Erik Kårvatn som representerer Trollheimen fjellsportklubb er ein av tre i den norske landslagstroppa som er utteken til å representere Noreg i WC i Andorra.  I dag er individuell som står på programmet – det vil seie at det er fellesstart og så gjelder det å være førstemann opp og nedatt igjen til målgang. I dagens konkurranse var det 66 påmeldte til start i klasse menn senior. 


Det haster med tiltak for villaksen

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. januar 2025

Det er vel inga hemmelegheit at fjorårets sesong vart tidenes dårlegaste sesong for villaksen – på landsbasis vart det teke 45.000 laks, medan det i Toåa vart teke 53 laks og aure – ein fangst på 158 kg.  Det er den dårlegaste fangsten som er registrert.  Det beste av dei fem siste åra er 2020, da det vart registrert 213 laks og aure på til saman 653 kg.


Talgø MøreTre søker produksjonsmedarbeidere

Jon Olav Ørsal Fredag 24. januar 2025

Vil du være med å produsere et av markedets råeste fasade- og terrasseprodukter sammen med oss? Talgø MøreTre er produsenten av kvalitetsproduktet MøreRoyal, som utgjør kjernevirksomheten i Talgø-konsernet. På grunn av økende oppdragsmengder, søker vi nå etter de rette personene til produksjonen i Talgø MøreTre AS.


Festmiddag for å feire kompetansebevis og fagbrev

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. januar 2025

Onsdag kveld inviterte Indre Nordmøre Opplæringskontor alle lærekandidatar og lærlingar som tok fagbrev eller kompetansebevis i 2024 til ei markering av dette med treretters festmiddag på Thon Hotell i Surnadal. Invitert var også dei faglege leiarane, rettleiarane og dei andre støttespelarane som har delteke i opplæringa.


Riktig triveleg nyttårsfest!

Dordi Jorunn Halle Fredag 24. januar 2025

Surnadal demensforening og helselag inviterte eldre i Surnadal til nyttårsfest med underhaldning, musikk og dans; – det vart ein triveleg og sosial kveld.


Surnadal kommune treng ferievikarar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. januar 2025

Surnadal kommune treng også sommaren som kjem ferievikarar for å oppretthalde drifta. Det er no lyst ut ferievikarstillingar innafor vaksenopplæring og integreringa, teknisk drift (veg, park og reinhald) og i helse og omsorgstenesta. 


Pensjonistlaget med digitaliseringskurs

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. januar 2025

Den digitale kvardagen har for lengst gjort sitt inntog i samfunnet vårt, noko som kan føre til utfordringar for enkeltpersonar og grupper. I dag må ein vere digital for å kunne få utført mange tenester i samfunnet, som mellom anna bank- og helsetenester.


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 21. januar 2025

Styret i Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) kallar inn til årsmøte torsdag 27. februar klokka 18:30 i klubbhuset sitt på Tellesbø (Nordsida 198). Vanlege årsmøtesaker, og det blir servering. 


Både film og «gamle» revysongar på kulturhuset denne veka

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 20. januar 2025

Frå norsk storverk til stor entertainer framstilt som ape på Surnadal kino denne veka. Filmen «Kjærlighet» går både på dagtid  som filmklubbfilm klokka 12:00 og på kveldstid onsdag 22. januar. Filmen er den tredje i Dag Johan Haugeruds trilogi Sex  Drømmer Kjærlighet «om seksualitet, lengsel og drømmer på ulike måter i dagens Oslo». Dei tre filmane er berre tematisk sett i slekt med kvarandre, og har kvar si uavhengige historie og rollegalleri. Ein treng difor ikkje å ha sett dei to andre for å sjå denne.