Strikkekaffe
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 1. februar i tidsrommet 13:00 – 16:00.
Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 1. februar i tidsrommet 13:00 – 16:00.
Onsdag 29. januar hadde Pensjonistforbundet Surnadal årsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. Godt over 40 av forbundet sine medlemmar møtte opp. Det var ordinære årsmøtesaker som stod på dagsorden denne onsdagen, samt orientering om at Surnadal Pensjonistlag no har skifta namn til Pensjonistforbundet Surnadal.
Styret i Todalen Idrettslag kallar inn sine medlemmar til årsmøte i Todalen undomshus onsdag 5. mars klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker og enkel servering.
Med ski som valuta søkte Todalen Idrettslag med leiar Elinor Bolme i spissen Norges Skiforbund om å få vere med i tildelinga av åtte skipakkar frå SpareBank 1 gruppa. Skipakkane skulle idrettslaget gje vidare til Integreringa i Surnadal kommune.
5 545 innsendte bidrag har så langt i historia til todalen.no blitt til den faste spalta med det ganske skildrande namnet dagens bilete. No skal 12 månadsvinnarar fra 2024 knive om å bli årets bilete. Og kven det skal bli, ja det kan du avgjerde med å røyste på din favoritt.
Sonen til Anne Søyset frå Heimstad i Hallsetgrenda, Nikolai Søyset Hopland (20), dro i fjor haust til Heerenveen i Nederland på lån frå Ålesunds Fotballklubb (AaFK). Herenveen hadde opsjon på eventuelt kjøp. Nikolai har sidan han kom til Nederland og Herenveen vore fast «inventar» på laget til Robin Van Persie, og har spela 19 kampar og scora 3 mål.
Surnadal Pensjonistlag inviterer til feiring av 50-årsjubileet sitt onsdag 26. februar klokka 16:00 på Thon Hotell Surnadal. Pensjonistlaget har motteke pengegåver, slik at prisen for å vere med på jubileumsfeiringa er berre kroner 200,- per person. Påmeldingsfrist fredag 31. januar!
Tysdag 11. februar frpå kl 18:00 og utover blir det høve til å bli med på eit lite oppfriskingskurs i trafikkreglane. Det skjer i Todalen ungdomshus, og er eit samarbeid mellom Todalen historielag og Trollheimen trafikkskole i Surnadal.
Søndag 2. februar klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg under søndagens gudsteneste er Pål Arne Winsnes, medan Amund Valde er organist. På søndag blir gudstenesta i Todalen kyrkje også strømma, og gudstenesta kan ein da sjå på youtube.com/live/LMWNvaX42hY.
Treng du skyss til kyrkja? Dersom du treng skyss for å kome til gudstenesta, så er det berre å ta kontakt på telefon 908 41 614 (Borghild) så fikser vi det!
Todalen sanitetsforening inviterte bygdefolket til lunsj tysdag 28. januar. Responsen på invitasjonen var god; godt med folk og riktig god servering.
To nye filmar på Surnadal kino denne veka med bilde ein kan bli mållaus av! Filmen «Skal hilse fra naturen» kjem i filmklubben onsdag 29. januar klokka 12:00. Og det blir både ski og natur!
Todalen sanitetsforening inviterer bygdefolket til lunsj i Sanitetshuset tysdag 28. januar kl. 13:00.