Nypreparerte løyper i lysløypa
Ståle Ansnes i driftsstyret for Todalen Idrettslag si lysløypa på Tjønnmyra, kan melde at det no er nypreparerte løyper i lysløypa.
Vi fann 98 artiklar i dette arkivet.
Ståle Ansnes i driftsstyret for Todalen Idrettslag si lysløypa på Tjønnmyra, kan melde at det no er nypreparerte løyper i lysløypa.
I dag fekk vi overrekt Stangvik historielag sitt rykande ferske årsskriftet for 2024. Dette er det attande årsskriftet historielaget gjev ut, og det er på sekstiåtte sider. Årsskriftredaksjonen har denne gongen bestått av Lars Steinar Ansnes, Torbjørn Polden, Berit Anne Botten Røkkum og Marit Haugen.
Vangsgutanes julehefte er forlengst komne på plass i bladhyllene på Matkroken, sjølv om Handelsmann Nordvik er «sjeldan vare» i dag. Årets julehefte byr på 30 sider med underhaldning – ein ny del som sjølvagt held på tradisjonane med handling frå Todalen – og ein «gammel» del med handling frå 1957 der Vangsgutane dreg på tur til Hommelvika.
Ny dag med ny trekning i TILs julekalender. Denne dagen er det også 4 flotte gevinstar – først ute er eit sett med grytekluter i selbumonster, og her er det Arndis Søyset som er den heldige vinnaren. Men som sagt vart det tre vinnarar til denne dagen.
Da er vi inne i adventstida, og det er tid for julestri. Kløverturgjengen lada batteria med rundtur frå Kvennset om Ørsalgrenda, Øyagrenda, Halagrenda, Husbygarden for til slutt å innta Kaffekroken i Matkroken måndag 2. desember.
Fredag 6. desember frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det nærmar seg jul, og det blir koka smultringar hos Lia gard for fullt. Så vil ein sikre seg smultringar til jul, kan det vere lurt å førehandsbestille til fredag!
Det er på tide å røyste fram det beste bilete i november. Så ta deg pause fra takvask, dompapmating og sylterulling for å avgi stemme.
Møter med stor sprengkraft på kinoen denne veka, når Seniorfilmklubben onsdag 4. desember klokka 13:00 viser vilmen «Past lives». Filmen handlar om to unge som kjem bort frå kvarandre etter at den eine familien flyttar til Canada. Dei har ikkje gløymt kvarandre, men kanskje har tida vekke frå kvarandre ført til litt ulike forhåpningar ved eit framtidig møte.
Søndag kveld inviterte Todalen bøgdalag for å tenne den tradisjonelle julegata mellom Matkroken Todalen og Talgø på Kvennset. Temperaturmessig var det lite som minte om adventstid, da gradestokken viste tosifra plussgrader og opphaldsvêr. Men folk møtte opp og julegata vart tent!
Da er vi komne til andre trekning i TILs julekalender. Her blir det trekning kvar dag fram til julaftan 24. desember. Med over 90 gevinstar er vinnarsjansen stor, så det er berre å henge med på Todalen.no kvar morgon i tida framover. Den første av dagens 4 gevinstar er fuglemat, og den heldige vinnaren er Joar Solheim Moe som har adresse Bud.
Adventstida starta med triveleg basar i Nordvik forsamlingshus, – med godt oppmøte og mange gevinstar.
Det var mange som hadde funne vegen til Todalen kyrkje søndag ettermiddag, da P17-koret inviterte til til konserten «Stjerne over livet» – songar ved juletid som det står i førehandsomtalen. I dagens konsert var P17-koret forsterka med eit stykarar og blåsarar i tillegg til bruk av eigne solistar – Nora Bøe, sopran, Turid Røen Kroknes, alt og Øystein Moe, tenor. Dirigent var som vanleg Bernt G. Bøe, og han presenterte koret – 6 medlemar som kjem frå 5 forskjellige nasjonar – godt gjort så mykje uro som det er i Europa.