Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2024

Vi fann 79 artiklar i dette arkivet.


I dag: Klart for bokslepp i Historielaget

Jon Olav Ørsal Sundag 10. november 2024

Søndag 10. november kl 15:00 inviterer Todalsen historielag til tradisjonelt bokslepp for å presentere årsskriftet for 2024, som er nr 23 i rekkja.  Årsskriftet byr på 82 sider med variert historisk stoff – for det meste kortreist lokalhistorie både frå gamal tid og litt nyare stoff i fin blanding.


Ser ut til å være sikra arbeid over vinteren

Jon Olav Ørsal Fredag 8. november 2024

Det er tøffe tider i byggebranjen – det blir faktisk bygd færre bustader enn det har vore gjort på fleire tiår.  Dette påverkar heile bransjen og det har ført til mykje mediaomtale i kjølvatnet av mange prosjekt som har rett og slett har havarert.  Utbygginga av Skorpa i Kristiansund eit prosjekt som har lidd ein slik skjebne.  No er Talgø Tradbo kopla på for å sluttføre prosjektet med 5 bustader som fikk tverrstopp i samband med konkursen.


Kaffelag og omvisning på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. november 2024

Det er nok mange som har lurt på kva som foregår på Gammelfabrikken i Brusetmarka.  Det har vore prata om historisk utstilling med gamle Talgø-møblar, Trollheimsutstillinga og ikkje minst er det laga utstillingar frå verksted og verktøy som er arv etter Sigvart Husby, Olav Stengel og Henrik Halle.  Mellom anna den første motorsaga i bygda – ei gammel JoBu-sag på rundt 30 kg.  No er det bestemt at det blir kaffelag og omvisning 24. november i tidsrommet 14 – 17 og da inviteres bygdefolket og andre interesserte til å kome og sjå og høre.


Valgvake i Kaffekroken???

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. november 2024

Nei, vi trur ikkje det var presidentvalget i USA som samla fullt hus i Kaffekroken i dag. Derimot passa det faktisk veldig bra at den nye Merkur-konsulenten kom på besøk til Matkroken Todalen i dag, slik at det var skikkeleg dokumentert kor stor betydning kaffekroken har for det sosiale behov – og behovet for å treffast, rett og slett.


Inviterer til «Haustlys» i Finstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 5. november 2024

Torsdag 14. november klokka 17:00 inviterer Surnadal kunstforening til ny utgåve av utstillinga «Haustlys» i galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Denne gongen er det kunstnaren Astrid Narvestad Wærdahl, som er busett i Bøfjorden, som viser fram sine spanande bilete i Finstuå på kulturhuset. 


Trimgruppas julekalender – i salg no!

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. november 2024

Dei to siste åra har TIL Trimgruppa hatt stor suksess med sal av julekalendrar med kortreiste gevinstar.  Status pr i dag er at det er kome inn over 40 gevinstar, og fleire er på veg, seier Anita Talgø i Trimgruppa.  Ho rettar ein stor takk til alle som har bidrege, både med gevinstar og kjøp av lodd. Loddsalet starta nemleg 1. november og ser ut til å nå nye høgder.


Inviterer til sesongavslutning på Hammerstuene

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 4. november 2024

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til  sesongavslutning på Hammerstuene onsdag 13. november klokka 19:00. Der vil det bli servert Lulens gryterett, desert og kaffe!


Opdahl ny kommuneoverlege i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 4. november 2024

Før helga vart det kjent at Kirsten Vikan Opdahl frå 1. november blir ny kommuneoverlege i halv stilling i Surnadal kommune. Dette skjer gjennom eit samarbeid mellom Surnadal kommune og Rennebu kommune i Trøndelag, og  inneber at Vikan Opdahl frå 1. november blir tilsett som kommuneoverlege i halv stilling i kvar av dei to samarbeidskommunane.  


Tips om førstehjelp ved sorg

Jon Olav Ørsal Måndag 4. november 2024

Mange opplever det store sjokket som det er å miste nokon dei er glad i – enten det er ein nær venn eller nokon i familien.  Kyrkjekontoret har bearbeiding av sorg på dagsorden, og laga ei brosjyre med mange gode tips som kan gjera det litt lettare å vera til stades for menneske i sorg, fortel kateket Gro Venås ved kyrkjekontoret i Surnadal.


Mykje norsk og litt finsk fjernsynsteater på kinoen komande veke

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. november 2024

Endeleg tid for litt «finsk fjernsynsteater» på Surnadal kino, når Seniorfilmklubben onsdag 6. november klokka 13:00 inviterer til den finske filmen «Høstgule blader»! Eller, dette er langtfrå berre nordisk tristesse – det ligg alltid innbaka eit håp, ein slags happy ending, i filmane til den finske meisterregissøren Aki Kaurismâki.


Helgemessegudsteneste samla mange

Jon Olav Ørsal Sundag 3. november 2024

Dagens gudsteneste i Todalen kyrkje samla mange tilhøyrarar, og fekk «drahjelp» frå deler av P17-koret som nok var med og løfta salmesongen til glede for oss alle.  Helgemessa – eller allehelgensgudstenesta skal hjelpe oss å minnast dei som har gått ut av tida det siste kyrkjeåret.  Derfor var det minnestund og lystenning, og det var høve for alle til å tenne lys og sette i lysgloben.


Kåring av månadens bilete oktober

Guro Redalen Sundag 3. november 2024

Sola drog kameraet fram i oktober. Og det same gjorde skogen og haustfjella. Det er med andre ord på tide å røyste fram månaden bilete av dei som vart sendt inn til dagens bilete.