Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2024

Vi fann 79 artiklar i dette arkivet.


Må til forhandlingsbordet med leieavtale

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. november 2024

Todalen idrettlag har hatt avtale om leige av Bordholmen sia 1946 – sist avtalen var reforhandla var i 1977.  No var det på tide å fornye avtalen, og på bakgrunn av reduserte idrettsaktivitetar  ønsker grunneigarane en avtalen med både kortare varigheit, og ein avtale med berre 2-årig oppseiingstid i staden for 3 år, slik det står i avtalen frå 1977. 


Jæger i haustsol beste bilete i oktober

Guro Redalen Onsdag 13. november 2024

Bilete Jæger i haustsol fotografert av Sondre Halset er velfortent kåra til oktober sitt beste bilete. Vi gratulerer! 


Innfører lokale tiltak for naudnummer

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 13. november 2024

Det har i dag vore problem med Telenor sitt nett, noko som gjer at delar av kriseleiinga i Surnadal kommune har hatt møte om situasjonen og har iverksett tiltak for å trygge liv og helse inntil naudnummertenesta er heilt friskmeldt.


Hønhalsen versjon 2.0 – vårteikn?

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. november 2024

Berre ein liten kurositet kanskje, men i går – eller var det i forgårs, kunne vi konstatere at Hønhalsen hadde gått av for andre gong i år.  Det har sikkert skjedd før, men vi har aldri lagt merke til det tidlegare. 


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. november 2024

Fredag 15. november frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Og på fredag får ein igjen sjansen til å kjøpe den nye kanelsnurren med heimelage vaniljekrem, som så langt har vorte ein «stor hit».  


I dag kom kronhjorten på plass i utstillinga

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. november 2024

Den historiske avdelinga på Gammelfabrikken er snart på plass  – Gunnar Nordvik og Magne Søyset jobbar med å få dei siste detaljane på plass til søndag 24. november, når det skal være open dag for omvisning og kaffelag.  I dag kom den store kronhjorten på plass, og det var jammen berre akkurat.


Inviterer til årets siste medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. november 2024

Onsdag 20. november klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til årets siste medlemsmøte på Friviligsentralen. Tor Holten kjem og held kåseriet «Tankar omrkring sørsamane i Trollheimen og om Finn-Torkjell». 


Talgø MøreTre leter etter HMSK-leder

Jon Olav Ørsal Måndag 11. november 2024

Talgø MøreTre er produsent av merkevareproduktet MøreRoyal og utgjør kjernevirksomheten i Talgø-konsernet. For å bli enda bedre på HMS, kvalitet og bærekraft enn det vi allerede er i dag, ikke minst med tanke på fremtidig ISO-sertifisering, søker vi nå etter den rette personen til den nyopprettede stillingen som HMSK-leder i Talgø MøreTre AS.
HMSK-leder vil være en del av bedriftens ledergruppe.



Historielaget – premiere for nytt årsskrift

Jon Olav Ørsal Sundag 10. november 2024

Vi er heldig som har slike ressurser at vi kan hente fram historia vår og presentere den som eit nytt årsskrift kvart år – det er over 80 sider med prima lokalhistorie som vart presentert for medlemane på Todalen historielags bokslepp i ettermiddag.  Dordi Jorunn Halle har vore redaktør og presenterte det nye årsskriftet for publikum.  Hun fortalte både om produksjonen og om innhaldet i det nye årsskriftet som altså er kome i sal frå i dag.


Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 10. november 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 11. november. Oppmøte ved Matkroken og start drifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.


«Fosse for dumskallar» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. november 2024

Torsdag 14. november klokka 19:00 får Surnadal kulturhus storfint besøk, når Linda Eide og Sjur Hjeltnes kjem til kulturhuset og Storstuå med den bejubla forestillinga «Fosse for dumskallar»!