Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2024

Vi fann 28 artiklar i dette arkivet.


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. november 2024

Fredag 15. november frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Og på fredag får ein igjen sjansen til å kjøpe den nye kanelsnurren med heimelage vaniljekrem, som så langt har vorte ein «stor hit».  


I dag kom kronhjorten på plass i utstillinga

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. november 2024

Den historiske avdelinga på Gammelfabrikken er snart på plass  – Gunnar Nordvik og Magne Søyset jobbar med å få dei siste detaljane på plass til søndag 24. november, når det skal være open dag for omvisning og kaffelag.  I dag kom den store kronhjorten på plass, og det var jammen berre akkurat.


Inviterer til årets siste medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. november 2024

Onsdag 20. november klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til årets siste medlemsmøte på Friviligsentralen. Tor Holten kjem og held kåseriet «Tankar omrkring sørsamane i Trollheimen og om Finn-Torkjell». 


Talgø MøreTre leter etter HMSK-leder

Jon Olav Ørsal Måndag 11. november 2024

Talgø MøreTre er produsent av merkevareproduktet MøreRoyal og utgjør kjernevirksomheten i Talgø-konsernet. For å bli enda bedre på HMS, kvalitet og bærekraft enn det vi allerede er i dag, ikke minst med tanke på fremtidig ISO-sertifisering, søker vi nå etter den rette personen til den nyopprettede stillingen som HMSK-leder i Talgø MøreTre AS.
HMSK-leder vil være en del av bedriftens ledergruppe.



Historielaget – premiere for nytt årsskrift

Jon Olav Ørsal Sundag 10. november 2024

Vi er heldig som har slike ressurser at vi kan hente fram historia vår og presentere den som eit nytt årsskrift kvart år – det er over 80 sider med prima lokalhistorie som vart presentert for medlemane på Todalen historielags bokslepp i ettermiddag.  Dordi Jorunn Halle har vore redaktør og presenterte det nye årsskriftet for publikum.  Hun fortalte både om produksjonen og om innhaldet i det nye årsskriftet som altså er kome i sal frå i dag.


Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 10. november 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 11. november. Oppmøte ved Matkroken og start drifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.


«Fosse for dumskallar» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. november 2024

Torsdag 14. november klokka 19:00 får Surnadal kulturhus storfint besøk, når Linda Eide og Sjur Hjeltnes kjem til kulturhuset og Storstuå med den bejubla forestillinga «Fosse for dumskallar»! 


I dag: Klart for bokslepp i Historielaget

Jon Olav Ørsal Sundag 10. november 2024

Søndag 10. november kl 15:00 inviterer Todalsen historielag til tradisjonelt bokslepp for å presentere årsskriftet for 2024, som er nr 23 i rekkja.  Årsskriftet byr på 82 sider med variert historisk stoff – for det meste kortreist lokalhistorie både frå gamal tid og litt nyare stoff i fin blanding.


Ser ut til å være sikra arbeid over vinteren

Jon Olav Ørsal Fredag 8. november 2024

Det er tøffe tider i byggebranjen – det blir faktisk bygd færre bustader enn det har vore gjort på fleire tiår.  Dette påverkar heile bransjen og det har ført til mykje mediaomtale i kjølvatnet av mange prosjekt som har rett og slett har havarert.  Utbygginga av Skorpa i Kristiansund eit prosjekt som har lidd ein slik skjebne.  No er Talgø Tradbo kopla på for å sluttføre prosjektet med 5 bustader som fikk tverrstopp i samband med konkursen.


Byr på lutefisk i kveld

Jon Olav Ørsal Fredag 8. november 2024

Todalshytta minner om sin lutefiskaften i kveld (8.11.), og kjøkkenet er ope frå kl 17:00 og utover til klokka 21.   Har du lyst på ein smak av jul, så er det berre å melde seg på med bordbestilling til Arve på telefon 929 97 550.


Kaffelag og omvisning på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. november 2024

Det er nok mange som har lurt på kva som foregår på Gammelfabrikken i Brusetmarka.  Det har vore prata om historisk utstilling med gamle Talgø-møblar, Trollheimsutstillinga og ikkje minst er det laga utstillingar frå verksted og verktøy som er arv etter Sigvart Husby, Olav Stengel og Henrik Halle.  Mellom anna den første motorsaga i bygda – ei gammel JoBu-sag på rundt 30 kg.  No er det bestemt at det blir kaffelag og omvisning 24. november i tidsrommet 14 – 17 og da inviteres bygdefolket og andre interesserte til å kome og sjå og høre.