Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2024

Vi fann 97 artiklar i dette arkivet.


Fjellgruppa med fin hausttur til Skarfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. september 2024

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Kvenndalen og Skarfjellet. Og det vart ein fin haustur for fjellvandrarane i fine farger, men både med litt regn i lufta og skodde innimellom. Med fjelllvandrarane tok ikkje skrekken og fekk ein fin tur i fine haustfarger.


Inviterer til «historisk filmkveld»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. september 2024

Torsdag 5. september klokka 18:30 inviterer Todalen historielag til «historisk filmkveld» i Todalen ungdomshus. Her vil det bli vist filmar Svein Åge Saksen har laga frå Todalen barnehage, og litt frå Todalen skule i tidsrommet 1991 – 95. Så her kan det vere nokon som kan få sjå seg sjølv i ei litt yngre utgåve?


Inviterer til innbyggarhøyring om Trollheimen nasjonalpark

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. september 2024

Statsforvaltaren har bede Surnadal kommune avklare om det er lokal aksept for å gå vidare med ei utgreiing om å endre verneform og utvide verneområdet i Trollheimen. Surnadal kommune inviterer no innbyggarane sine til å gje skriftlege innspel innan 30. september.


Nikolai Søyset Hopland klar for spel i Nederlandsk toppklubb

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. september 2024

Nikolai Søyset Hopland, sonen til Anne Søyset frå Heimstad, har hatt ei fin og stigande kurve på fotballbanen. Noko som gjer at han frå 1. september i år og fram til juni neste år får sjansen til å spele fotball i Eresdivisie i Nederland.


Har Natiri teke vegen over til Ålvundeidet?

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. september 2024

Anders Mo har ikkje hatt kontakt med hunden sin, shibaen som lyder namnet Natiri.  Siste kontakt var da dei skulle ha drikkepause i elva mellom Litj-fjellet og Blåfjellet på tur opp til Vassnebbvatnet. No er Anders spent på kvar hunden har teke vegen eller kva som har skjedd med hunden.


Stavgangarane går Svinvikrunden torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. september 2024

Torsdag 5. september klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny stavgangtur. På torsdag går stavgangarane Svinvikrunden.


Kløvertur i nydeleg haustver

Dordi Jorunn Halle Måndag 2. september 2024

Første måndagen i september varta opp med sol og godver; ein retteleg fin dag for kløvertur.


Surnadal demensforening og helselag samarbeider med Treffast.

Jon Olav Ørsal Måndag 2. september 2024

Nasjonalforeningen for folkehelsen Surnadal demensforening og helselag har inngått samarbeid med Treffast. Vi starter opp for fullt torsdag 5.september kl 11-13 på Surnadal frivilligsentral. Hovedmålet er å få til mere aktivitet sammen med alle som er ledig på dagtid.


Turisme skaper utfordringar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. september 2024

Odd Arild Sande, og dei andre bebuarane som har gått saman om felles søppeldunkar oppe ved vegen ved neddkøyringa til Slettneset på Nordvik, har dei siste sommarane opplevd at søppeldunkane deira blir bruka av turistar for å kvitte seg med søppel, noko som fører til overfylte dunkar og mykje rot rundt dunkane. 


Saknar du brillene dine?

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. september 2024

Etter gudstenesta i Todalen kyrkje i går føremiddag, vart det funne eit brillehus med briller som låg att i kyrkja. Er dette brillene dine, så får du dei att om du tek kontakt med betjeninga på Matkroken Todalen, da dei tek vare på brillehuset og brillene til eigaren melder seg!


Ny museumsgartner i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Måndag 2. september 2024

Nordmørsmusea har tilsatt ny museumsgartner ved Svinviks arboret. Stefan Patrick Nilsen startar 1. januar 2025 i stillinga som museumsgartner og ansvarleg for levande samling i Nordmørsmusea. Han kjem frå stillinga som gartnar ved Ringve botaniske hage.  


Inspriasjonssamling på Thon Hotel

Jon Olav Ørsal Måndag 2. september 2024

Surnadal demensforening og helselag deltok fra fredag til søndag på fylkets Inspirasjonssamling på Thon Hotel i Surnadal. Her deltok helselag og demensforeninger fra hele fylket. Surnadal demensforening og helselag er et aktivt lag med mange aktiviteter og tiltak, men på samlinga var det mye inspirasjon og nye ideer å få fra andre demensforeninger og helselag i Møre og Romsdal.