Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2024

Vi fann 97 artiklar i dette arkivet.


Fjellgruppa går til Telstadfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 19. september 2024

Tysdag 24. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Denne går turen deira til Telstadfjellet. 


Surnadal Jeger- og Fiskerforening inviterer til førstehjelpskurs

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 19. september 2024

Tysdag 1. oktober klokka 18:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til førstehjelpskurs i klubbhuset sitt på Nordsida. Eksakt adresse er Nordsida 198. Her får ein lære litt om hva det er lurt å ha med i sekken på tur, korleis ein skal du bruke førstehjelpsutstyret og  kva ein skal gjøre om uhellet er ute. 


Mykje kolonnekøyring over Nordmarka

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. september 2024

Skal du over Nordmarka må du belage deg på mykje venting på grunn av asfaltarbeid mellom Bæverfjord bru ogg over marka til krysset med vegen som går innover Nordmarka. Det skal legges ny asfalt på denne strekninga, og vegen er delvis stengt i lange periodar gjennom dagen frå måndag til og med torsdag.  Arbeidet foregår i tidsrommet frå kl 07:00 til kl 21:00. 


Fjellgruppa tok turen til Vassdalen tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. september 2024

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i tysdag turen til Vassdalen innst i Vindøladalen. – Vi er ikkje heilt samde om det var 26 eller 27 som var med til Vassdalen i dag, men at veret var alldeles som bestilt, det var vi enige om, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa


Inviterer til kunstutstillinga «Laufall»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 17. september 2024

Laurdag 21. september klokka 15:00 inviterer Surnadal kunstforening til opninga av utstillinga «Lauvfall» 2024 i galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Dette er ei juryert utstilling, og juryen har i år teke inn 18 utstillarar. Utstillinga vil vere opa kvar dag fram til og med laurdag 5. oktober.  


Bli med stavgangarane til Årnes

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. september 2024

Torsdag 19. september klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Årnes. 


Lokal deltakar i årets utgåve av «Farmen» på TV 2

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. september 2024

Svein Håvard Saksen (49) frå Granbostad i Bekkerhagen er ein av seksten deltakarar i årets utgåve av realityserien «Farmen» på TV 2 Direkte. Årets utgåve av «Farmen» er den tjuande i rekka, og blir i år spela inn på Gjedtjernet gård i Grue kommune i Innlandet. 


Markerer Alzheimerdagen i kinosalen

Jon Olav Ørsal Måndag 16. september 2024

Seniorfilmklubben og Surnadal demensforening og helselag samarbeider også i år om markering av Alzheimerdagen gjennom å sette opp en film – med gratis inngang: Torsdag 19. september kl. 13 blir VÅRT LIVS FERIE vist i kinosalen.



Kva er dette?

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 15. september 2024

Det lurar Jenny Klinge frå Nordvik på. Ho har nemleg fleire dagar den siste veka sett brune striper på fjorden, og lurer på kva dette er. Utover dagen i dag har stripene utvikla seg og vorte breiare kan Jenny fortelje. 


Inviterer til medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 15. september 2024

Onsdag 25. september klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til medlemsmøte i lokala til Surnadal Frivilligsentral på Skei.


Talgø: – God respons på Dyrsku’n på Seljord

Jon Olav Ørsal Sundag 15. september 2024

Det er travle tider på Talgø Bygg – ikkje før har dei vore på Dyregod i Batnfjorden så er dei etablert med utstilling og stand på Dyrskun på Seljord.  Dyrskun er faktisk norges største utstilling og martnadsopplegg, og ligg i år an til å kome over 100.000 besøkande, fortel Nils Ove Bruset frå Talgø Bygg.  Eit stort område på 160 mål utgjer messeområdet, der det er utstillarar frå heile landet.  For Talgø Bygg sin del er det første året at dei er utstillarar på Dyrskun, og dei har stand i lag med Talgø Agrobygg i Bindal.