Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2024

Vi fann 97 artiklar i dette arkivet.


Godt at Natiri vart funne, sjølv om ho var død

Jon Olav Ørsal Måndag 23. september 2024

Søndag var det 3 veker sia shibaen Natiri kom bort under ein fjelltur saman med eigaren Anders Mo.  Da starta marerittet for Anders, for hunden Natiri var det kjæraste han åtte.  Dei tre vekene har ikkje Anders fått fred i si sjel på grunn av dette.  Laurdag kveld kom telefonen som Anders hadde venta på i 3 veker – Natiri var funne, men desverre så var ho død.


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. september 2024

Fredag 27. september mellom klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til nytt bakeriutsal. Hausten er her, og vêret innbyr ikkje alltid til uteaktivitetar, så da kan det vere godt å slappe av inne med noko godt til kaffen!  


Inviterer til «felles middag» onsdag 25. september

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. september 2024

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 25. september klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.


Sprekt i Seniorfilmklubben, alvor og animasjon på kinoen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 22. september 2024

Haust er kinotid og Seniorfilmklubben inviterer til ellevill bryllaupsfeiring onsdag 25. september. Å, nei, dei skal ikkje til Geiranger. På Surnadal kino er det litt meir alvor, der dei mellom anna viser filmen Quislings siste dager.


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 22. september 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. september . Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Eldrearbeidsprisen 2024

Jon Olav Ørsal Sundag 22. september 2024

Eldrearbeidsprisen vart etablert i 2011, og vi lyser no ut etter kandidatar for 2024. Prisen skal gå til person, lag eller forening som har utmerka seg positivt i ulønna eldrearbeid. Send forslag på kandidat til kommunen innan 1. oktober 2024. E-post: post@surnadal.kommune.no Eller send forslaget til Surnadal kommune, v/eldrerådet, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.



Styrte bekken på rett veg

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 21. september 2024

I lengre tid har bekken innafor Tæljestorhaugen prøvd å ta seg ny veg, og vatnet har renne under myra og ned på turistlina. Dette har den siste tida eskalert. Odd Harald Talgø og Kjell Gunnar Polden har planlagt kva som måtte gjerast ei stund, og siste veka har det pågått arbeid for få bekken på rett veg att. Fredag vart dette arbeidet foreløpig avslutta, og nedanfor kan du lese kva Kjell Gunnar skreiv om arbeidet som har vore gjort den siste tida.  


Den internasjonale eldredagen 4. oktober 2024.

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. september 2024

Eldredagen i Surnadal blir markert på Hammerstuene 4. oktober kl. 13.00, melder Surnadal kommune i ei melding til Todalen.no
Fylkesleder i pensjonistforbundet Anne Lise Hessen Følsvik holder foredrag om årets tema.


Manuell dirigering i Svinviktunnelen måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 20. september 2024

Statens vegvesen melder at det blir manuell dirigering gjennom Svinviktunnelen måndag 23. september klokka 12:00 – 20:00. Grunnen til dette er planlagt vedlikehald i tunnelen melder Statens vegvesen. 


E. coli-bakteriar i fjorden ved Nordvik – unngå bading, tilrår kommunen

Jon Olav Ørsal Fredag 20. september 2024

Ein sommarleg september har forlenga badesesongen for fleire, i tillegg våre heilårs-badarar. Ved Nordvik er det påvist for høge verdiar av E. coli-bakteriar og rådet er no å unngå bading i fjorden i dette området, skriv Surnadal kommune i ei melding til Todalen.no. 


Årnestur for stavgangarane torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 19. september 2024

Torsdag inviterte Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Årnestrøa på Årnes. Tjuesju stavgangarar møtte opp i det skikkeleg fine haustvêret.