Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2024

Vi fann 97 artiklar i dette arkivet.


Snart klart for ny sesong – held stand på landslaget

Jon Olav Ørsal Fredag 27. september 2024

Ein ny og spennande sesong er like rundt hjørnet for Randoneelandslaget. Vi tykkjer det er artig at Trollheimen Fjellsportklubb held stand med 3 av sine medlemar på landslaget. Erik Kårvatn blir med vidare på seniorlandslaget, medan Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping fortsett på juniorlandslaget.



Stavgangarane sesongavslutta torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. september 2024

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag avslutta årets stavgangsesong med stavgangtur til Øygardashalsen på Vang. Tjuefire stavgangarar møtte opp for å bli med på sesongavslutninga, der starten gjekk frå IL Søya sitt klubbhus på Vang skisenter.   


Mange møtte opp på medlemsmøtet i pensjonistlaget

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. september 2024

Onsdag 25. september var det medlemsmøte i Surnadal Pensjonistlag, med godt oppmøte også denne gongen. Knappe femti medlemmer møtte opp i lokala til Surnadal Frivilligsentral på Skei for å vere med på medlemsmøtet. – Artig å arrangere når så mange møter opp, seier Anne-Sissel Ulven Mogstad, som er sekretær i pensjonistlaget. 


Den første snøen – ein liten forsmak på vinteren

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. september 2024

Natt til onsdag kom den første snøen, med litt snø på toppene. Sist natt kom det påfyll, og det var vel registrert snøfall ned til rundt 400 meter, eller der omkring.  Når det klårna opp fekk vi sjå at det egentleg var ein forsmak på vinteren som vi nok må rekne med når vi no snart skriv oktober. 


Inviterer til «høstquiz»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. september 2024

Fredag 4. oktober klokka 20:00 inviterer Nordvik Grendalag til «høstquiz» i Nordvik forsamlingshus. Det blir servert snacks og eventuell drikke tek ein med sjølv, og «høstquizen» blir avslutta klokka 01:00. 


Ope møte om eventuell endring av vernestatus for Trollheimen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. september 2024

Todalen bøgdalag inviterer tysdag 1. oktober klokka 19:30 til ope møte om eventuell endring av vernestatus for Trollheimen. Møtet blir i Todalen ungdomshus og Hugo Pedersen kjem og orienterer om korleis dagens landskapsverneområde fungerer, og kva ei eventuell endringar frå landskapsverneområde til nasjonalpark og eventuell utviding av verneområdet vil ha å seie for framtidig bruk av Trollheimen. 


Fjellgruppa tok turen til Telstadfjellet tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. september 2024

Tysdag tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Telstadfjellet. – Vi starta frå Lunneplassen på Bergheim og følgde den ytre stien om Langurdenden til Telstadfjellet, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa. 


Førstehjelpskurs med søkelys på eldrehelse

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. september 2024

Det var sjølvsagt Todalen Sanitetsforening som stod som arrangør for førstehjelpskurset som var arrangert i Ungdomshuset måndag kveld, og høvet var Sanitetens veke som i år har førstehjelp for eldre som tema. Ut over eigen nytte så var kurset også aktuelt for pårørande og kanskje også for naboar?


Sesongavsluttar med tur til Øygardshalsen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. september 2024

Torsdag 26. september klokka 11:00 sesongavsluttar Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag med stavgangtur til Øygardshalsen. 


AS Sjømat kjem på døra og sel sjømat tysdag 24. september

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. september 2024

Litt kort varsel, men tysdag 24. september frå klokka 11:00 kjem AR Sjømat frå Averøy for å selje sjømat i Todalen. Denne gongen vil dei køyre frå dør til dør rundt bygda, slik at folk kan få kjøpt sjømat heime.  


Tusen takk for alle bidrag til årets demensaksjon

Jon Olav Ørsal Måndag 23. september 2024

Da er årets resultat for Demensaksjonen klart og Surnadal demensforening og helselag, sammen med Åsgaard helselag er kjempefornøyd med et topp resultat på til sammen kr 141.867.  Stor takk til årets russekull ved Surnadal videregående skole, takk til ungdommene fra Surnadal ungdomsskole som har valgfaget «Innsats for andre» og takk til alle dere andre som gikk med bøsser for en god sak, skriver Surnadal Demensforening og helselag i en e-post til Todalen.no.