Kløverturar – sesongstart og sesongslutt
Etter ein lang sommarferie for kløverturen, lengre enn skuleferien, kom endeleg haustsesongen i gang. Da passa det godt med roleg start i Toåa tursti.
Vi fann 74 artiklar i dette arkivet.
Etter ein lang sommarferie for kløverturen, lengre enn skuleferien, kom endeleg haustsesongen i gang. Da passa det godt med roleg start i Toåa tursti.
Onsdag 28. august klokka 1500 inviterer Surnadal Pensjonistlag til medlemsmøte i Frivilligsentralen sine lokaler på Skei.
Tor Holten held kåseri, som han har kalla «Tankar omkring sørsamane i Trollheimen og Finn-Torkjel»
Terje Holm fra Kristiansund har sendt oss en e-post der han presenterer en idé om å etablere en turistferje på Todalsfjorden og de andre nordmørsfjordene. – Han sikter til turistferga som går på Geirangerfjorden sommers tid og lurer på om noe lignende kan etableres på nordmørsfjordene?
Søndag arrangerte Todalen sokneråd tradisjonell friluftsgudsteneste i arboretet. Soknerådet har god erfaring med å arrangere friluftsgudstenester, og skryter av godt frammøte. I dag var det rundt 60 som tok turen til Svinviks arboret, der det var rigga til med provisorisk alter og ringeklokke i hagen.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 19. august. Oppmøte ved Matkroken Todalen og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Tysdag 20. august inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Garbergfjellet i Rindal.
Laurdag arrangerte Trollheimen Fjellsportklubb Kårvatn Skyrace 2024 med rekorddeltaking – heile 145 deltakarar stilte på startstreken i tunet på kårvatn. Det var 6. gong at Kårvatn Skyrace vart arrangert, og det var knytt stor spenning både til 15 km-løypa og langløypa på 29 km. Løypene var lagt til fjellheimen ved Kårvatn, med start og målgang rett utafor låvetrappa på Kårvatn Fjellutstyr.
Det var bilete Julikveld som passande vart kåra til månadens bilete i juli, og forografen bak er Ingri Bruset. Vi gratulerer!
Todalen Sokneråd inviterer til «utegudsteneste» i Svinviks arboret søndag 18. august klokka 11:00. Liturg denne søndagen er prost Vidar Rygh, medan Bernt Bøe er organist.
Det blir full fart i løypa når startskotet for Kårvatn Skyrace 2024 går i morgon tidleg. Total er det 109 påmeldte – av disse er det 45 som skal løpe 29 km, 26 som løper 15 km og resten er trimmarar og deltakarar i barne- og ungdomsløypa.
Torsdag 15. august inviterte Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Holtasetra I Søyådalen. Responsen på invitasjonen var god, og 22 stavgangarar møtte opp for å bli med oppover til Holtasetra.
I samband med at Surnadal kunstforening inviterer til den juryerte kunstutstillinga «Laufall» 21. september til 5. oktober i Galleri Finstuå på Surnadal kullturhus, inviterer dei no kunstnarar til å sende inn bidrag til årets «Lauvfall» 2024.